Det forfriskande og det forkludra

Poeten vågar ikkje heilt å stole på impulsane og forklarer bileta sine.

På mottosida i denne diktsamlinga står det: «En folkelig overlevering advarer mot å fortelle drømmer på fastende hjerte om morgenen.»

Slike ting set straks i gang noko i oss, og burde få arbeida i oss, medan me las dikta som står i boka. Men dessverre har forfattaren teke med eit analytisk avsnitt av Walter Benjamin. Og på ein absurd reduksjonistisk måte fortel han oss her kva den første setninga «betyr». Det finst ei undervurdering av både tekst og lesar i dette.

Ein del gode dikt viser oss derimot styrken til Tone Lie Bøttinger: nyanserte observasjonar med stilige og treffande formuleringar som løftar tekstane. Ho har mot til å trekkja inn stilar og erfaringsområde som utdjupar og utvidar perspektiva. Her er Saabye Christensen-liknande surrealisme og gjenklang av både Bjørneboe og Mehren. Ho kallar løgna for «min mest erogene sone» og skriv om «en av rubinene i et bringebær». Dikta sirklar kring møte, augneblenken, flukt og det flyktige, om løgn og bedrag.

Ho har noko forfriskande frekt over seg i viljen til å bryta med grenser og normer som kunne liggja i tematikken. Men ofte vert det meir vilje enn vellykka poesi. Ein oppkonstruert slutt kan få eit energisk dikt til å flata ut. Forfattaren kavar for å få fram ting som er spesielle og oppsiktsvekkande, men ender av og til med banalitetar og overtydelege ting. Ho vågar ikkje heilt å stole på kjernebileta sine. Det beste i boka oppstår der motsetningane opphever kvarandre, som i dette utdraget av det fine diktet «Himmelstup»:

«Og musikken i rommet bygger

en trapp til himmelen, løfter oss

over en grense - stemmen min lavere,

øynene dine skarpere; alle argumenter

maktesløse mot en så berusende avklaring»