Det godes fiende

TRILLEMARKA: Naturvernorganisasjonane manglar respekt for lokalsamfunnet. Gjer SV?

TRILLEMARKA er blitt eit symbol både for dei som kjempar for ein sterkare og meir konsekvent naturvernpolitikk, og for dei som opplever at nettopp ei slik line trugar eksistensgrunnlaget for bygdene der dei bur og har røter. Dette gjer det vanskeleg å koma fram til kloke og framtidsretta løysingar for framtidig vern av norsk natur. I denne saka er kravet om det beste i ferd med å bli det godes fiende.Nedhogging av skog og påfølgjande tap av biologisk mangfald høyrer til dei mest alvorlege miljøkonfliktane i verda, kjenneteikna ved at grådige og kortsiktige kapitalinteresser med gigantisk teknologisk makt riv opp så vel sårbar natur som verjelause lokalsamfunn. Dette er eit globalt konfliktmønster, og sume er blitt freista til også å sjå ein parallell mellom hogsten i Trillemarka og raseringa av regnskogen i Amazonas.Men der er ingen parallell. For det første er Trillemarka og Rollagsfjell eit eldgamalt kulturlandskap, ja det er den vedvarande bruken av utmarka til beiting, fôrsanking og hogst som har skapt det økologiske og kulturelle mangfaldet me i dag ønskjer å kunne føre vidare til generasjonane etter oss.

FOR DET ANDRE er dei som har rettar i Trillemarka korkje godseigarar eller multinasjonale selskap. Dei er stort sett småbønder som opplever at i den generelle velstandsutviklinga forvitrar grunnlaget for deira eigen økonomi, og at det same «storsamfunnet» som legg til rettes for at andre grupper skal få tilgang til utvikling og auka inntekt, samstundes legg stadig sterkare skrankar på kva dei sjølve kan gjera på eigedomane sine. No trengst det sjølvsagt skrankar. Det er ingen garanti for at også den framtidige bruken av utmarka vil bli like balansert og berekraftig som den fortidige. Det er heller ingen tvil eller usemje om at Trillemarka omfattar naturverdiar som er truga av potensielle utnyttingsmåtar, anten det er hytteturisme eller hard hogst. Derfor er ikkje temaet om det skal innførast vern eller ikkje, men om storleiken på det arealet som skal vernast.

DETTE ER EI utfordring som lokalsamfunna kring Trillemarka har gjort noko med - og som har gjort noko med lokalsamfunna. I kommunane Sigdal, Rollag og Nore og Uvdal er utbyggjar- og verneinteressene gjennom lang tid brynte mot kvarandre i ein krevjande prosess. Resultatet er blitt ein felles kommunedelplan med eit naturreservat på 100 km² som inneheld over 90 % både av dei viktigaste kjerneområda og av dei registrerte raudlisteartane i området. I tillegg legg planen til rettes for friviljuge avtaler om andre kjerneområde, og ei forvalting av heile planområdet på 487 000 dekar etter strenge miljøkriteria. Korleis kan det då ha seg at ein diskusjon om kvantitet tilsynelatande er blitt til ein diskusjon om prinsipp, med harde frontar på båe sider? For bygdesamfunna handlar det om å oppleva tillit og aksept. I prosessen er det biologiske mangfaldet i Trillemarka blitt grundig dokumentert og diskutert også lokalt. Grunneigarane veit no betre enn nokon gong før og vesentleg betre enn grunneigarar i andre område kva verneverdiar dei forvaltar. Denne kunnskapen styrkjer ikkje berre evna til å forvalte området, men òg viljen. Derfor er det no brei oppslutting lokalt om framlegget frå kommunane, trass i at dette går mykje lenger enn det grunneigarane i utgangspunktet var innstilte på.

DENNE KAPITALEN av lokal kunnskap og vilje gjev eit grunnlag for vern av Trillemarka som - samanlikna med andre vernetiltak - er uvanleg sterkt, fordi det er skapt ein legitimitet som ofte elles manglar. Dette er lagt merke til og verdsett både av DN, fylkesmannen og fylkeskommunen, som også har gjeve framlegget frå kommunane fagleg støtte.Men naturvernorganisasjonane vik ikkje ein tomme frå kravet om eit dobbelt så stort naturreservat. Slik signaliserer ein høgt og tydeleg at ein ikkje eig respekt for den innsatsen og prosessen som ligg til grunn for det kommunale verneframlegget, og har ingen tillit til kommunane som forvaltingsorgan. Det er vanskeleg å oppfatte dette annleis enn at organisasjonane meiner lokalsamfunnet ikkje er i stand til å la omsynet til langsiktige miljøinteresser vera avgjerande dersom dei kjem i konflikt med utbyggingsinteresser. Derfor tek ein som gjeve at dersom det finst raudlisteartar utanom naturreservatet, så er dei dømde til å gå tapt.Her er det ikkje berre tilliten, men òg den strategiske klokskapen som sviktar. Med dette utgangspunktet svekkjer miljøinteressene ei av dei viktigaste oppgåvene rørsla har: å skape aukande forståing for og oppslutting om natur- og miljøvern i bygd og by. Mistru har ein sterk tendens til å bli gjensidig. Når ei utstrekt hand blir slege til sides og tilbodet om friviljuge ordningar blir møtt med krav om tvangstiltak, stadfester det inntrykket av at natur- og miljøvern nærast er eit åtak mot lokalsamfunnet - til stor skade for miljørørslas allierte, vener og tenarar i distrikta.

OM NATURVERNINTERESSENE likevel kan innrømmast ein rett til å kjempe for dei mest vidtgåande vernetiltaka, bør politikarane ha ei sterkare forståing av at det her ikkje er samsvar mellom ei maksimal og ei optimal løysing. Stortinget har ved fleire høve slått fast at bruk og vern høyrer saman og må sjåast i samanheng, ikkje minst for å unngå sterke konfliktar i samband med vernetiltak.SV spelar ei viktig rolle i avgjerdsprosessen om Trillemarka. Tradisjonelt har partiet tillit både som talerøyr for distrikta og for langsiktige miljøinteresser, og det byggjer på ein ideologi som legg stor vekt på verdien av reelt folkestyre på alle nivå. Skulle nokon gripe initiativet frå kommunane og leggje dialogen til grunn som eit mønster for framtidige prosessar kring landskapsvern, så måtte det vel nettopp vera SV. I motsett fall er det all grunn til å reflektere over kva politiske haldningar og rørsler ein gjev næring til ved å setje dei lokaldemokratiske prosessane til sides.