Det indre tyranni

GYMNASLÆRER PEDERSEN: I alle debattar med eit større publikum gjorde ml-arane alt det som Goebbels i si tid lærte det tyske nazipartiet.

Eg orkar ikkje meir. Gårsdagens ml-arar spelar no same rolla som gutta på skauen hadde i fleire tiår etter den tyske okkupasjonen. For kvar gong historiene blir fortalde, jo meir heroiske blir dei. Takke meg til.Med få års mellomrom stig dei fram for oss att, denne svermen av ml-arar, som kom dei rett ut frå boksidene i Faust. Men det gjer dei ikkje. Denne gongen kjem dei frå filmversjonen av ein unnvikande roman og i sentimentale beretningar frå stordomstida i jamt nye Da capo-seriar. Både i samtid og ettertid har ml-arane fått det til å høyrast ut som dei dominerte alt og alle. «Til å begynne med,» skreiv Pål Steigan i Dagbladet sommaren 2003, «var vi bare en håndfull som protesterte mot krigen i Vietnam». Kven var dette heroiske marxistiske Vi? SUF (m-l), skipa 1969? Slett ikkje. Venstre-formannen Gunnar Garbo var alt i 1965 frå talarstolen i Stortinget med og slo dei første sprekkene i den påståtte politiske semja om Vietnamkrigen. At Norges Unge Venstre og fleire andre demokratiske ungdomsorganisasjonar i 1968 sa nei til denne krigen, var nok viktigare for meiningsdanninga i Noreg enn den mållause ad hoc-aktivismen til ml-arane.

ML-ARANE STOD for ein saksbasert, avideologisert og dermed avpolitiserande aktivisme der aktivitet var eit mål i seg sjølv. Dei var stort sett alltid i mindretal. Men prinsipplause som dei var, greidde dei likevel ofte å etablere eit formelt fleirtal til slutt. Difor var det mange av oss andre radikale som med alt anna enn indre jubel måtte bruke mengder av tid på å sikre demokratisk styring av ei rekkje organisasjonar. Etter kvart blei vesle organisasjons-Noreg overfylt av parallelle organisasjonar: Palestinakomiteen og Palestinafronten, Kvinnefronten og Brød og roser, Chileaksjonen og Chilekomiteen. Då det stod på, bedyra ml-arane at nei, dei styrte då ingen organisasjonar. Først no tør Steigan briske seg med at jo, dei bygde «et nett av organisasjoner over hele landet».Denne organiserte aksjonismen passa ml-arane framifrå fordi det var så uforpliktande, så avgrensa saksretta, så enkelt å vinne tilslutning for først ei sak, så ei sak til, og endeleg, til Saka. Slik banaliserte dei alle prinsippdiskusjonar som ikkje gjaldt deira eigne sosialistiske vekkingsmytar. Når sant skal seiast, oppnådde ml-arane knapt noko som helst, og dei fekk aldri endra på noko heller, anna enn for kort tid.

VI VAR MANGE som etablerte viktige og radikale forståingsmåtar i 1970-åra. Mange av oss venstrefolk utvikla til dømes sterke økopolitiske utopiar. Eg var sjølv med og programfesta på Venstre-landsmøtet i 1974 at vi alltid skulle velje dei økopolitisk beste løysingane. Det var eit veldig absolutt standpunkt. Skilnaden på desse absolutte synspunkta og dei kategoriske standpunkta til ml-arane var at vi aldri gav avkall på respekten for det liberale og demokratiske. Vi som var liberale og demokratiske politiske aktivistar i 1970-åra, kjende difor lusa på gangen då ml-arane for to år sidan på ny møtte skuldingane om våpentrening og støtte til folkemord. Kva AKP meinte om Pol Pot-regimet i Kambodsja, hadde like lite å seie då som no, sjølv om Steigan framleis trur han er med i den norske krinsmeisterskapen om kven som er mest anti-imperialistiske. Om ml-arane har skifta ein del standpunkt i enkeltsaker, bryr meg ikkje. Spørsmålet er om tankegangen og argumentasjonsmåtane er som før. Der svarar eg ja utan vilkår. I verdsbiletet til ml-arane fanst (og finst) det alltid berre to utvegar: Anten hadde du rett eller så tok du feil. Tankegangen var og er totalitær alt i utgangspunktet. Med denne argumentasjonen gjorde ml-arane politikk til ein positivistisk vitskap der det var nokon gitt å slå fast kva som er rett og kva som er feil. Den same grunntanken går att i dagens innlegg frå gamle eller noverande AKP-arar.

ML-ARANE BASERTE all si ferd på enkle todelingar og på slageren «venn - fiende». Det er det einaste refrenget dei kan. «I motsetning til hva våre fiender sa,» skreiv Pål Steigan i eit avisinnlegg 31.7.2003. Dagens AKP-leiar Jorun Gulbranden plasserte i same debatten si eiga erkjenning i det gamle skjemaet, men med motsett forteikn av Steigan: «Fienden kan snakke sant.» Herre jemini kor enkelt det går an ha det inne i hovudet sitt! Ml-arane trudde aldri på andre fakta enn den informasjonen dei sjølve skaffa fram. Med kadervurderingar og andre anti-liberale metodar for einsretting prøvde dei å få alle sine medløparar til å gå i meiningstakt. Frå før av har vi fått høyre at ml-miljøa var dei leiande intellektuelle krinsane i Noreg på 1970-talet. Den som bruker slike ord, tek på seg eit tungt ansvar. Kvar finst det intellektuelle i ei vekking så totalitær at sjølv den mest forknytte lekpredikant frå Livets Ord trør på ein regnboge av nyansar?

NO FORTEL Pål Steigan oss (Dagbladet 5.2) jamvel at ml-arane kanskje bygde opp «den beste lederutdanninga dette landet har sett». Der fekk vi den, alle vi leiarar som har trudd at det å leie dreiar seg om å leie demokratiske prosessar basert på respekt for andre sitt syn, byggje på det positive hos andre, vise folk tillit og gi dei handlingsrom, og formidle vidare den same respekten for det norske demokratiet som vi sjølve prøver å leve etter. Det einaste av verdi ved ml-arane si kaderopplæring er innsikta i kor lett det er for ein vegvisar å sende tusenvis av unge idealistar utfor stupet. Ingen kunne som ml-arane få store og tause majoritetar til å bøye nakken under sitt skjøre og kortvarige regime. Dei levde på ein total forakt for andre meiningar enn sine eigne. I alle debattar med eit større publikum gjorde ml-arane alt det som Goebbels i si tid lærte det tyske nazipartiet. Strategien var å etablere ei eller anna form for formelt fleirtal. Det fleirtalet kunne så effektivt omformast til hjarterått tyranni. I ein av dei mange endelause debattane om husleigene på studentbyen Fantoft i Bergen i 1979 møtte ml-arane alle forsøk på nyansering med totalitær forakt og latterleggjering av den individuelle ytringsfridomen. Du skal vere svært stri for å ta til motmæle mot ein buande horde. Dei fleste let vere og gjekk dit fleirtalet var, så fekk dei iallfall fred den kvelden. Slike erfaringar med gymnaslærarens indre tyranni var min liberale generasjons 9. april. Men så var då også 1972, ikkje 1968, det norske vendepunktet i etterkrigstida. Historia om 1972-generasjonen i norsk politikk er aldri blitt fortald. No hastar det, før endå fleire forvekslar den indre jubelen på siste sida i beretninga om gymnaslæraren frå Vestfold med innsikt i kva som endrar verda.