Det ingen kunne tru

GRAMEEN PHONE: Då Telenor og Grameen Bank satsa på å søke lisens for å bygge mobiltelefon nett i Bangladesh i 1995 var det også 13 andre lisens søkjarar. Dei fleste var ute etter å tene pengar på godbitane i dei store byane. Bare Telenor og Grameen Bank hadde frå første stund planer om eit landsomfattande mobilnett og telefon til dei fattige.

Det var privatpersonen Iqbal Quadir som hadde ideen om mobiltelefon til fattige mikrokreditt låntakarar og infrastruktur til den telefonlause landsbygda. Og det var hans intense innsats som til slutt vakte ei sterkt begrensa interesse hos Telenor og NORAD like før søknadsfristen gjekk ut - etter at han måtte gi opp British Telecom og Telia.

TELENOR gjekk nølande med på ein søknad om lisens, etter at dei var presenterte for ein plan som gjekk ut på 1/2 million abonnentar etter 10 år - og utsikt til overskot i løpet av den tida. Og Mohammad Yunus var interessert - under føresetnaden at Telenor vart med.

Då Tormod Hermansen fatta interesse for prosjektet, vart det mindre nøling i Telenor, og Telenor stilte personell og teknisk informasjon til rådighet. Dette, saman med Mohammad Yunus og Grameen Bank sin prestisje, nettverk og vilje til å investera gjorde det mulig å etablere GrameenPhone. Alle desse elementa har til saman gjort GrameenPhone til ein suksess. Men ingen kunne forutsjå at det på 10 år ville bli 20 ganger så stort som tenkt i utgangspunktet.

NORAD sin innsats, utover nokre hundre tusen kroner til forundersøkelse, har vore beskjeden. Rett nok har dei gjeve lån - men mange institusjonar var villige til å gje lån, så det var ingen avgjerande føresetnad.

GrameenPhone sitt bidrag til staten Bangladesh, i form av avgifter og skatt, er langt større enn NORAD sin bistand (Bistandsaktuelt nov. 2003). Landet har også fått ein infrastruktur som vitaliserer industri og private tiltak over heile landet. Grameen Bank får, til liks med Telenor, utbytte som står i forhold til den aksjekapitalen dei var villige til å investera i utgangspunktet. Ingenting av dette ville ha skjedd om ikkje Telenor hadde hatt eit visst håp om forteneste i 1995.

TELENORS OVERSKOT går som utbytte til aksjeeigarane, der den Norske Stat er størst. Det er der overskotet kan kanaliserast tilbake til Bangladesh. Kanskje ved å få i gang andre nødvendige prosjekt som kraftforsyning, reint drikkevatn eller eit vegnett, ved å gje norsk industri starthjelp og vilkår til engasjement til nytte både for industriselskap og landet Bangladesh. Her har Lundteigen muligheter for påverknad på eit felt der han har innflytelse, i Stortinget.