Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Det iskalde Høgre

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

68-er-debatten: Etter det dårlege valet til Høgre hausten 2005 vart det om å gjere for Høgre-leiar Erna Solberg å framstå i ein mjukare profil - farvel til Jern-Erna. Men eit innlegg i Dagbladet 8. juli skrive av leiaren i Unge Høgre, Torbjørn Røe Isaksen, syner at det framleis er iskaldt i Høgre. Han meiner mellom anna at det er flott når milliardær og skatteflyktning John Fredriksen ber ein rusmisbrukar «ta seg sammen». Omsorga for dei rike er rørande.Slik Isaksen presenterer venstresida, har ho gått inn for økonomisk omfordeling der staten har vorte brukt til å styrke folks individuelle fridom. På denne måten har samfunnsmedlemmene vorte mindre avhengig av familiebakgrunn. Økonomisk omfordeling har vore motivert med eit mål om like moglegheiter. Problemet er, meiner Isaksen, at fridomsrevolusjonen til 68-generasjonen og politikken til venstresida førte og fører til ei pulverisering av personleg ansvar. Isaksen hevdar at venstresida i dag representerer den same mentaliteten som hjå dei fridomselskande 68-arane, ein apologetisk og nihilistisk mentalitet. Difor må ikkje kriminelle lenger stå til ansvar for sine ugjerningar. Og når pøblar ramponerer ein barnehage, vert dei møtt med skuldertrekk og unnskyldingar av folk på venstresida. Det Noreg som Isaksen teiknar eit bilete av, er på mange vis eit sjukt samfunn.Eg tilhøyrer venstresida. Nettopp den politikken Isaksen kritiserer, meiner eg venstresida har all grunn til å vere stolte av. Eg er samd med Isaksen i at fridomsrevolusjonen til 68-arane har vorte adoptert av venstresida. Det er ein av grunnane til at Noreg anno 2006 er langt meir liberalt Noreg enn for 30-40 år sidan. Men det bør ikkje venstresida skamme seg over, tvert imot!Når Isaksen impliserer at folk ikkje toler all denne nyvunne fridomen fordi dei ikkje er i stand til å ta personleg ansvar, er det nok eit vers på ein gamal, konservativ klagesong. Men om ein ser nærare på påstandane om eit kaldare samfunn og mindre personleg ansvar, held dei sjeldan stikk.Typisk nok prøver ikkje Isaksen å dokumentere ein einaste av påstandane sine om oppløysingstendensar. Men veit kan hende Isaksen noko vi andre ikkje har fått med oss? Kan eg få spørje Isaksen: Har han noko som kan likne empirisk belegg for påstandane om oppløysing av personleg ansvar? Det hadde det i så fall vore interessesant å få vite meir om. For slik det kan sjå ut no, serverer han ikkje anna enn fordommar frå Høgres iskalde hjørne av det politiske Noreg.