Innvandring og klima:

Det må vere grassat frustrerande for mange Frp-arar at partiet deira er i regjering

Innvandring, klima, fanden og hans oldemor.

På tur: Sylvi Listhaug og Jon Helgheim fra FrP besøker Mølnerparken i København .
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
På tur: Sylvi Listhaug og Jon Helgheim fra FrP besøker Mølnerparken i København . Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixVis mer
Meninger

Det må vere grassat frustrerande for mange Frp-arar at partiet deira er i regjering. Ikkje bare må Noreg «vere heile verda sitt sosialkontor» som det heiter der i garden når vi ikkje kan stengje grensene hermetisk for flyktningar. Sjå om ikkje eit par «små tulleparti» som har forvilla seg inn på laget, i tillegg tvingar dei til å sløse bort pengar på tåpelege og fullstendig bortkasta klimatiltak.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Enda verre må det vere for mange venstrefolk som framleis held ut, at partiet deira er i uheilag fireinigheit med politikarar som meiner at kvar einaste innvandrar i Noreg er ein for mykje. Politikarar som òg kallar ideen om at klimaendringar er menneskeskapte, ein hysterisk, sosialistisk konspirasjon.

I helga var det samling i bånn for Venstre. Eller landsmøte. Ein av dei viktigaste grunnane til at det var i bånn dei samlast, er nettopp denne uheilage foreininga som mange opplever som eit tvangsekteskap. Eit ekteskap der dei blir utydelege og konturlause av å kompromisse i, for dei, viktige saker. Som til dømes innvandring og klima.

Difor blei landsmøtet ein arena der det var viktig å gjere vedtak som viser for all verda at dei tek avstand frå Frp sin innvandringsmotstand og klimaskepsis. Blant anna vedtok dei at framtidige klimaflyktningar skal få flyktningestatus på lik linje med dei som flyktar frå krig.

Frp sin innvandringspolitiske klimaskeptikar, Jon Helgheim, var raskt på pletten og melde i frå at det kan Venstre bare gløyme. Og så leverte han følgjande salve som for evig og alltid vil bli ståande som ein klassikar: «Folk som flykter på grunn av dårlig vær, har ikke behov for opphold i Norge. Vi har dårlig vær her også.»

Helgheim har sjølvsagt rett i at vi har dårleg vêr i Noreg. Samtidig avslører han alarmerande mangel på kunnskap. Folk flyktar ikkje til Noreg på grunn av dårleg vêr. Vi flyktar frå Noreg! Frå kulde, mørker, broddar og glatte fortau. Til Spania. Har han verkeleg ikkje fått med seg at Frp sitt største lokallag held til i Torrevieja?

Unge Helgheim har ei uovertruffen evne til å kvesse tastefingrane til denne vêrflyktningen her eg går langs Las Canteras i Las Palmas, ser utover det mektige Atlanterhavet og plukkar opp tekstar som ligg og ventar på å bli plukka opp. Atlanterhavet som akkurat i dag er hissig og aggressivt og kastar kaskadar av vatn innover promenaden som eit slags ironisk frampek på det som kan komme.

Det den framtredande Frp-politikaren verkeleg avslører grandios vankunne om, er skilnaden mellom vêr og klima. Klimaforskarar (som han sannynlegvis ikkje trur på) hevdar at framtidige klimaendringar vil sende millionar på millionar av menneske på desperat flukt.

På grunn av årelang, ekstrem tørke som kan gjere store område ulevelege for all framtid. Eller fordi stadig verre flaumar og stigande hav kan komme til å leggje landmasser permanent under vatn.

No er han ikkje åleine om å sause saman vêr og klima. I så måte har han hamna i slett selskap. Sjuande far I. Hagen har lenge kategorisk avvist at klimaendringar er menneskeskapte. Eit overveldande fleirtal av klimaforskarar som hevdar dette, er for Hagen hysterikarar med ein eigen agenda for å oppnå makt og rikdom.

Ein kald, lang og snørik vinter, som i fjor, er for han prov på at klimaet oppfører seg som boligprisar; endrar seg. Sjølv har Hagen kalla CO2 «den livgivende gassen» Han hevdar med styrke at å bruke offentlege middel på klimatiltak, er å kaste skattepengar ut av vinduet.

Veteranen har lenge utfordra sin eigen partileiar, finansminister Siv Jensen, til å leggje fram eit klimareknskap. I februar, som vara på Stortinget, sende han brev til henne for å tvinge fram eit svar. Grunngjevinga hans for krav om eit slikt reknskap, er som følgjer: «Hvis det ble klarlagt at CO2 ikke har noen merkbar betydning for klimaendringer, er alle kostnader for å redusere CO2 bortkastet.»

Sjølv vel eg å tru på forskarane. Eg tenkjer at det er tryggast. Om det skulle vise seg at dei tar feil og at skeptikarane har rett, får det vere ein bonus og ei stor glede.

Hagen si tvillingsjel, Donald Trump, er også med i klimaskeptikarbrigaden. Då Canada og austkysten av USA i fjor opplevde ein fimbulvinter, uttalte han som har aller mest makt til å snu klimaskuta om han hadde villa: «No hadde det gjort godt med litt god, gammaldags global oppvarming.» Han har òg hevda at ideen om menneskeskapte klimaendringar er «noko kineserane har funne på». Kineserar er jo alltid så sprengfulle av festlege påfunn, så det hadde vore fint om han hadde rett.

Venstrelandsmøtet er ein saga blott. Eit møte som må ha hatt eit uutalt motto om «å reise kjerringa». Det er ikkje tvil om at partiet har eit ektefølt miljøengasjement. Like sikkert er det at dei står for ein human flyktningepolitikk. Det er dette dei prøvde å løfte fram att i ljoset sist helg med nokre av vedtaka sine.

Det er bare det at så lenge dei er fanga i eit ulykkeleg regjeringsekteskap, blir innvandringspolitikken deira fullstendig overskugga av Frp sitt antiinnvandringsengasjement.

Miljøengasjementet deira skurrar òg så lenge dei er garantistar for å halde eit klimaskeptisk parti som Frp i regjering.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.