Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Det nyttar

FENGSEL: Dagbladet har tysdag 22. januar eit debattinnlegg, der det vert etterlyst ein Arne Johannessen blant dei kriminelle. Poenget var at dei som sit i fengsel, som slit med rusproblem og får lite hjelp av samfunnet, treng ei kraftig stemme som kan tala deira sak.

Politiets Fellesforbund har fleire tankar i hovudet samstundes og er opptekne av ein heilskapleg kriminalpolitikk. Det inneber at førebygging, ettervern, eit betre behandlingstilbod til rusmisbrukarar og hjelp til gjengangarane i fengsla, er sentrale tema også for oss. Det har me spelt inn i mange politiske dokument og trekt fram i debattar. Det er også heilt sentralt i det politiske programmet vårt.

21. september var det ein viktig konferanse i Oslo Rådhus. Det Nyttar-nettverket hadde samla 100 tidlegare rusmisbrukarar og 100 personar som på ulike måtar jobbar med rusrelaterte problem. Formålet var å inspirera alle saman til meir godt arbeid ved å syna at det nyttar.

Det er inspirerande og flott å sjå kva Det Nyttar-nettverket får til av resultat med små midlar, men ein klar filosofi. Det må også vera motiverande for alle som strevar med rusmisbruket sitt og sjå at det nyttar. Det er faktisk mogeleg å koma ut av ein tung ruskvardag.

Tidlegare toppidrettsutøvar Torbjørn Løkken (Dagbladet i går) har også kome med eit godt bidrag i høve til å motivera rusavhengige til behandling. Løkken har all ære for den måten han har stått fram på.

Rusproblemet er eit av samfunnet sine verkeleg store problem, både ut frå eit helse-, sosial- og kriminalpolitisk perspektiv. EU har slått fast at alkoholskadar årleg kostar 975 milliardar kroner i Europa. Til dømes døyr 10.000 menneskjer årleg i trafikken av promillekøyring i vår verdsdel. Samstundes, i Noreg, veit me at kvart år er ca 300.000 kvinner redde fulle menn på offentleg stad, 47.000 kvinner vert skada av fulle personar og over 2.000 born overnattar på krisesenter.

Samanhengen mellom rus og valdskriminalitet er godt dokumentert over lang tid. Forskar Olausen sa allereie i 1996 at om ein vil redusera valdskriminaliteten, må ein redusera alkoholkonsumet.

Trass i denne kunnskapen og det politiske fokuset på valdskriminalitet, og særleg vald i nære relasjonar, har talet på skjenkeløyva auka med 30 prosent og alkoholkonsumet med 33 prosent dei siste 10 åra.

Skal ein nå måla til politikarane, ikkje minst justisministar Knut Storberget, om kraftig reduksjon i valdskriminaliteten, må det takast eit krafttak for å førebyggja i høve til rusutviklinga. Det er ein skam at det ikkje vert satsa betydeleg meir på å hjelpa folk ut av rushelvete.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media