Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Det är kallt, det brinner

Andersson er attende med varme dikt i ei kald verd.

BOK: Claes Andersson er ein av desse forståelege poetane som skriv dikt som først og fremst skal kommunisera erfaringer og refleksjonar kring liv, utvikling, samfunn og individ.

Slik sett kunne ein ha samanlikna han med Kolbein Falkeid i Noreg, om det ikkje var for den spesielle erfaringsbakgrunnen som psykiater og overlege, som sentral storbykunstnar i Helsinki og tidlegare kulturministar og jazzpianist.

Dei to førre samlingane hans, «En lycklig mänska» (1996) og «Dessa underbara stränder, förbi glidande» (2001) var nok meir gjennomførte og sterke enn årets samling, men også i dei førtito nummererte dikta i «Det är kallt, det brinner» rispar meisterkloa djupe merke i lesaren.

Svart humor

Han er best når han ikkje er for «eksperimentell» etter mitt vit:

«Kittïlä van Gogh Munch Magritte Picasso

Död Kuk Våldtekt Blod Abstinens

Kärlek Längtan Humor Skapande Lycka

Provokation Brännvin Hängning Rövhål Självhat»

som det mellom anna står i «Tjugonde dikten», blir som vist her, for oppramsande. Men når han verkeleg slår til, har han framleis godt grep om den svarte humoren. Den han oppsummerar så fortetta i diktet til sin kollega Bengt Berg: «Ge upp redan i dag! I morgon kan det vara för sent!» I dette diktet demonstrerer han også sin stryke som observatør og tilbakehalden poet: «Man vänjer sig inte vid ljudet av kroppar som /faller I gatan.»

Kontrastar

Mangt er mørkt, når «Någon har släckt alla ljus i mitt hjärta, jag är/hundmat men de vill inte ha mig» og han ikkje er redd for å namngje det: «Vi är klagare, jag och Zarathustra.» Men det er likevel ein energi i fraseringa, eit overskot i formuleringane og ei spenning i kontrastane som får lesaren til å lesa desse mørkt fortvila linjene med ei lysande glede: «Vissa dagar känns livet som Bill Evans solo i What/is this thing called love?» Og om han innimellom kan verta ein tanke pratsam, slår han ofte nok til med fortetta linjer der det store perspektivet løfter boka til ei sterk lesaroppleving likevel. Som i diktet om å vakna og tru at ein er i himmelen, fordi alt er kvitt.

«Gud syns inte till, men en vit granne skottar snö/vid porten./Vart tog färgerna vägen?»

Då saknar han humoren som var svart, og «bluesens blå» som han elska.

Mykje handlar om tap, om haust, om kulde, men òg om å endeleg finna ut kva det var ein søkte, når «ingen saknar att ingen saknar mig» . Det store perspektivet slår oftast gjennom i dei lågmælte setningane, difor skal ein vera på vakt og ikkje la seg lura av den litt røffe tonen. Brått brenn ein flamme og lyser på noko me ikkje hadde venta oss: «Jag känner igjen mig, precis såhär såg det ut

innan jag kom hit.»

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media