NYTT STORT TALENT: 21 år gamle Myra frå Bergen rappar betre enn dei fleste. (Foto: Anders Stai Fougner)
NYTT STORT TALENT: 21 år gamle Myra frå Bergen rappar betre enn dei fleste. (Foto: Anders Stai Fougner)Vis mer

Bergen besjela

Det som rimar på 'hjerte'

Plutseleg var ho berre her, og høyrest ut som om ho har rappa i ti år. Universet er Bergen, og det varer i tre minutt.

Som oftast skriv me om meir eller mindre etablerte musikarar og tekstforfattarar i denne spalta. Me skriv ofte om klassikarar for å finne ut kvifor dei er nettopp dét, eller me skriv om ein heilt ny hit av ein rappar eller songar som iallfall har meir enn éin song ute.

Korleis me høyrer og forstår tekst, vert påverka av uendeleg mange faktorar. Ein av mange viktige ting, er alt me veit om og har høyrt av musikaren frå før; me kjenner universet. Me veit at når x seier y, så meiner ho òg z. Og om YG eller Nipsey Hussle skulle sitere Donald Trump i framtida, treng dei ikkje forklare kva dei eigentleg meiner om Trump. Det veit me alt om. Rapparar er forresten ikkje berre opptekne av å sitere andre, dei siterer også ofte seg sjølve. Slik refererer dei til sitt eige univers, og slik vert universet heile tida bygd ut og gjort tydelegare for lyttaren.

Som lyttarar har me både bevisste og ubevisste forventningar til ny musikk frå ein musikar me liker. Dette er fordelar som debutanten naturleg nok ikkje kan nyte godt av. Men det motsette kan òg vere ein fordel; blanke ark, ny stemme, ny plass, ingen forventningar. Kven er dette, og kva vil ho med oss?

1. november debuterte Myra med singelen «Hold an». Dette er den einaste songen 21-åringen frå Bergen har ute. Det finst ikkje eingong noko gjestevers på ein mixtape, eller ein demo på Soundcloud. Så foreløpig er universet til Myra om lag 300 ord stort, og det varer i tre minutt og tolv sekund.

Eg ser at mange omtalar låten som r&b. Er det fordi vokalisten er kvinne, og teksten (kanskje) handlar om kjærleik? Det er greitt at både musikken og stemninga høyrest ut til å vere inspirert av nittitals r&b, men dette er ein raplåt, og Myra rappar svært bra; skarpt, sjølvsikkert og dynamisk flow, med ein interessant, morosam og leikande tekst.

Låtens – ja, heile diskografiens – opningslinje er eit heilt genialt lite kunstverk i seg sjølv, og det er ei linje som rimar på seg sjølv: «Jeg tror byen min lekker, de bekkalokkene sprekker». Sjekk dei fantastiske k-ane! Dette vil verte ståande som ei legendarisk opningslinje, og med denne kastar ho oss direkte inn i Bergen sentrum, både som ein konkret plass og eit poetisk rom – for me anar at dette er noko meir enn ei prosaisk skildring av ein regnfull by.

Eg har lese ein plass at Myra bur i Oslo, og ho saknar nok Bergen, det er tydelegvis det låten handlar om. Teksten er ei bittersøt forteljing om eit vanskeleg avstandsforhold som held på å gå i oppløysing, komplett med sjalusi og gode og vonde minne. Men det er ikkje heilt over, her er håp om at alt skal verte bra igjen, og kvart av dei to versa sluttar med denne vakre punchlinen:

Jeg er ikke den typen som hopper så enkelt til neste, syns du jeg er verdt det?
Gi meg din hånd, og så gir jeg deg hjertet.

Gjennom heile låten skiftar Myra mellom å fortelje oss om forholdet til byen og å snakke direkte til byen, og som det kan skje i stormfulle samlivsbrot, er det vanskeleg å bestemme kven som har gått frå kven.

Når me høyrer låten igjen, høyrer me at denne besjelinga av byen startar allereie i opningslinja, og linja vert endå betre: «Jeg tror byen min lekker, de bekkalokkene sprekker». Det er Bergen som græt.

Myra sitt uttrykk er svært bergensk, og det er ikkje berre på grunn av regn, bekkalokk og skarre-r. Ein slags nittitals-vibb oppdatert med friskt og moderne flow er noko ho har til felles med bergenske Hester V75, og skrivestilen hennar er tydeleg Vaular-inspirert – noko ho er heilt open om allereie i tredje linje: «Unge gatedame bare bringer flammer med en lighter». Men ho er sin eigen, og har ein meir jazza og synkopert stil enn sine bergenske brødre.

«Hold an» er poetisk rap utan å verte tøvete, utan å miste bakkekontakt, og utan å miste fokus på flowet. Kompet er opent og gir god plass til vokalisten, det er bakpå, men tempoet er eigentleg høgt (120 bpm). Alt dette gir Myra moglegheita for å variere sitt tempo og sin stil; ho vekslar lett mellom eit seigt melodisk flow og eit kjapt og meir stakkato flow, og ho får det til å høyrest lett ut.

Det skal kome eit album frå Myra ein gong på nyåret, så ein gong i løpet av 2017 kjenner me truleg Myra og universet hennar mykje betre. Då vil me kanskje høyre «Hold an» på ein ny måte, og forstå meir av kva Myra vil oss. Inntil det, får me berre la oss fascinere og nikke i takt, og nyte selskapet til det som truleg er det største nye talentet i norsk rap på mange år.