Det statlege sorteringssamfunnet

Downs syndrom har ein verdi i seg sjølv — så lenge mor er under 38 år.

SORTERING: 9 av 10 foster diagnostisert med Downs syndrom er blitt abortert dei siste åra. Utan statens velsigning er me altså allereie «blitt» Danmark. Illustrasjon: Flu Hartberg
SORTERING: 9 av 10 foster diagnostisert med Downs syndrom er blitt abortert dei siste åra. Utan statens velsigning er me altså allereie «blitt» Danmark. Illustrasjon: Flu Hartberg Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

«Aborter det og prøv igjen. Det vil vere umoralsk å sette det til verda dersom du har eit val». Det var det korte og greie svaret frå æresdoktor ved UiO, Richard Dawkins, sist veke, på følgjande tweet frå ei 33 år gammal kvinne: «Eg veit ærleg talt ikkje kva eg hadde gjort dersom eg var gravid med eit barn med Downs syndrom. Eit ordentleg etisk dilemma.»

Dawkins? — ateismens Børre Knudsen — utspel kjem parallelt med at mediene melder om stor pågang frå norske kvinner ved danske og svenske klinikkar som tilbyr tidleg ultralyd (TU). På same tid har avissidene vore fylte med forteljingar om korleis det er å vere foreldre til barn med syndromet, og i haust kjem Livet med Marikken, ei bok med same tematikk.

Det me har no er ein underleg uavklart situasjon: staten tilbyr ultralyd til alle gravide rundt veke 18. Er du over 38, får du dessutan TU i veke 12 — den veka då nakkefalden som tyder på Downs  syndrom (DS) er mest synleg (den er ikkje synleg på ultralyd i veke 18).Er du under 38, men ønskjer TU, kan du betale for dette sjølv ved ein privat klinikk. På landsbasis får rundt halvparten av alle gravide utført TU — og i hovudstaden er talet sjokkerande høgt: 9 av 10 tar TU. Den typiske TU-gravide er ei høgt utdanna kvinne i byen. Altså avgjer inntekt og geografi. 

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer