KURS: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (Høyre) innførar forkurs for dei med lave mattekarakterar frå vidaregåande. Foto: Tor Stensersen / Aftenposten / NTB Scanpix
KURS: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (Høyre) innførar forkurs for dei med lave mattekarakterar frå vidaregåande. Foto: Tor Stensersen / Aftenposten / NTB ScanpixVis mer

Det store forkursløftet

Etter 13 år i skulen har dei ikkje lært matematikk. No skal dei kunne faget etter eit 80 timers kurs.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har bestemt at for å verte lærarstudent må ein frå hausten 2016 ha karakteren 4 i matematikk fellesfag frå vidaregåande skule, om ein ikkje har valt meir matematikk. Dei som vil verte lærarar men berre har karakteren 3, skal kunne løyse dette ved å ta eit abrakadabrisk sommarkurs med påfølgjande prøve før studiestart.

Sommaren 2016 skal dermed truleg ein stad mellom 500 og 1000 potensielle lærarstudentar på forkurs i matematikk. Dette er etter mitt syn noko av det mest underlege av påfunn i nyare norsk utdanningshistorie.

Er målet å få karakteren 3 til å verte 4? Nei, ein må kunne anta at det er kompetansen som er meint å få eit reelt løft, og ikkje karakteren. På fire veker. Heile høgskulesektoren skal altså med vitende og vilje setje i system ei «quick fix»-ordning for utbetring av kompetanse i matematikk. Dette vert ståande i sterk kontrast til alt ein står for som matematikkfagleg og -didaktisk utdanningsinstitusjon.

Forkurset på om lag 80 timar skal avsluttast med ei skriftleg prøve som skal synleggjere om kandidaten har fått erverva ny kompetanse i matematikk tilsvarande karakteren 4 frå vidaregåande skule. Denne skriftlege prøva må naturleg nok likne på skriftlege eksamenar frå vidaregåande skule då det er likelydande kompetansen som skal visast fram. Såleis er det mest rett å samanlikne dette nye prøveresultatet med resultat frå eksamenar frå vidaregåande skule. Her viser tal frå skoleporten.no at elevar på til dømes matematikkurset 1P i vidaregåande skule i gjennomsnitt har ein karakter lågare eksamenskarakter enn standpunktkarakter.

Kven er då dei potensielle lærarstudentane på forkurset? Etter ti år i grunnskulen og tre år på vidaregåande skule har dei fått karakteren 3 i matematikk. Det er så lang kunnskapsløftet har løfta dei, etter 1425 timar matematikkundervisning.

Kva kompetanse har dei potensielle lærarstudentane på forkurset? Fem av seks har ikkje vore oppe til skriftleg eksamen i matematikk på vidaregåande skule. Dei har standpunktkarakter 3 i matematikk, og hadde ved potensiell skriftleg eksamen i matematikk fått karakteren 2, jf. tala frå skoleporten.no.

Kva kompetanse dei då har, kan sjølvsagt diskuterast, men det er tydeleg at den ligg ein stad mellom låg og middels måloppnåing, ein stad like over grensa for å få vitnemål. Det er desse kandidatane som skal framvise prøveresultat og kompetanse tilsvarande karakteren 4 etter fire veker på sommarkurs.

Karakterkravet frå ministeren er godt meint. Målet er at lærarstudentane kjem ut som betre matematikklærarar og løftar norske elevar sin kompetanse i matematikk.

Trendane med sviktande matematikkresultat i grunnskule og vidaregåande skule er tydelege nok. Eksamensresultata er låge og framleis delvis fallande. Nye tiltak må setjast i verk, og eit av dei er altså å få inn lærarstudentar med betre kompetanse i matematikk. Men er forkurset ein del av løysinga på dette? Nei. Forkurset kan truleg gi eit karakterløft for nokre, og slik berge studieplassen. Det vil truleg også kunne berge både søkjartal og ministeren i tillegg, om utdanningsinstitusjonane gjer eit tilstrekkeleg dårleg handverk og testar instrumentell læring. Men å tenkje at det skal utgjer eit reelt kompetanseløft, det er ein illusjon.

Karakterkravet og forkurset på 80 timar ein sommarmånad før studiestart liknar mest om eit friidrettsstevne der det skulle løfte kvaliteten på lengdefinalen. Berre dei som hoppa over 7 meter vart kvalifisert for finalen. Det viste seg at berre fem vart kvalifisert.

Då vart det ny kvalifisering for alle som hadde hoppa over 6 meter, denne gongen med springbrett i avsatsen. Dermed vart 3 nye kvalifisert og finale med 8 deltakarar kunne gjennomførast som normalt. Finalen gjekk av stabelen, og resultata? På det jamne, som før, sjølvsagt. Det paradoksale er lett synleg.

Forkurset vil avhjelpe den potensielle lærarstudentmangelen som oppstår på grunn av karakterkravet, men samstundes sleppe gjennom studentar som karakterkravet intenderte å stoppe. Om det er kompetansen som står i fokus kan dette kort summerast opp slik: Karakterkravet føder forkurset, men forkurset vil slå i hel karakterkravet.

Ps: Løysinga på matematikkproblemet i landet vårt ligg ein heilt annan stad. Det vil krevje noko politikarar etter mitt syn ikkje har gjeve utdanningssektoren verken tid eller rom for i nyare norsk utdanningshistorie: Langsiktig, systematisk og målretta utdanningspolitisk arbeid med matematikkfaget sitt innhald og sin posisjon i skule og samfunn gjennom barn og unge sine 18 første leveår. Ikkje eit karakterkosmetisk sommarkurs når dei er 19 år.

Langsiktig er då langt lengre enn ministerlevetid, og systematisk er det motsette av skiftande. Skal ein nå nye mål må utdanningspolitikken reduserast som valkampflesk og politisk idealisme utan rotfeste i skulekvardagen. Det er ikkje mykje å forlange, det er tilbake til det normale. Slik er det for andre profesjonar, utan politisk overstyring.

Utdanningssektoren må få begge hendene på rattet i utviklinga av sitt eige fagfelt og sin eigen profesjon.