Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Det store tabuet

Teamleiar på avdeling for vald og seksuelle overgrep.

Regionalt ressursenter for vold, traumatisk stress og sjølvmord i vest.

I debatten etter «Lommemannen» er det kome spørsmål om kvifor ein kar kan ha drive overgrep mot barn gjennom 30 år utan å verte teken. Min erfaring etter å ha arbeid snart 30 år med denne problematikken er at dei fleste som gjer seksuelle handlingar mot barn driv med det utan å verte teken. Det er fleire grunnar til det.

Seksuelle overgrep mot barn støyter mot den forståinga vi har mellom vaksne og barn, og det finst ikkje språk og nemning av dette. Det er og vanskeleg å formulere slike erfaringar på ein slik måte at det ikkje vekkjer anstøyt. Barn som opplever seksuelle overgrep kjenner seg skuldig i medverknad og vil fort gøyme bort historia si. Derfor vil seksuelle overgrep som oftast verte ukjent for omgjevnadene.

Nokre barn og unge kan fortelje slike soger utan at det har hendt; i forskinga har ein eit par dømer på at ein kan få barn til å fortelje falske historier. Desse studia er godt stoff og vert publisert i det offentlege rom. Desse få resultata vert og generalisert utover det som er studert. Det er mellom anna ikkje nokon studie som seier at barn kan ledast til å seie noko slikt om eigne foreldre. Barn som fortel utan at noko har hendt vert kalla falske positive.

Når ei falsk sak kjem opp fører den til mistru i dei 100 neste sakene. «Kvifor skulle dette være sant når vi hadde den andre saka; barn lyg jo om slikt?»

Då hjelp det ikkje med vitskap som seier at falske positive er sjeldne og at falske negative er det vanlege. Eg trur eg har mine ord i behold om eg seier 1 falsk positiv mot 100 falske negative: Barn som opplever seksuelle overgrep men altså ikkje fortel.

Om nokre barn skulle skulle fortelje, så slår benekting inn som eit kulturelt fenomen. «Dette kan ikkje være sant. Slik ein hyggeleg mann eller kjekk dame, dei kan ikkje ha gjort dette, dei er pene i tøyet, har god inntekt og sit i skulestyret eller driv millionbutikk.»

Minimalisering er å seie at det berre er litt fikling, kan ikkje være så farleg, det må være ei missforståing, kom berre borti. Minimalisering er kulturelt akseptert heilt til advokat Staff seier det høgt og vulgært.

I strafferett er ikkje barnet ein part, men eit vitne. All tvil skal komme mistenkte til gode. I saker der noko skal ha gått føre seg i eit lukka rom og ein kjem ut med ei historie og den andre med ei anna så skal ikkje saka berre gjerast sannsynleg, men bevisast. Det skal i praksis ikkje være nokon tvil. Og er det eit barn som anklagar ein vaksen kan «kjøttvekta» fort være avgjerande.

Og vert saka fremja for tingrett og det vert fellande dom så vert den som oftast frifunne i lagrett der juryen ikkje liker å dømme nokon for slikt griseri. For politiet er det og viktig å ikkje fremje saker der det er sannsynleg at dei ikkje vinn fram, og slik vil rettspraksis sakte men sikkert påverke politiets handlemåte.

I mange år var det eit sterkt ynskje frå Justisdepartementet at politiet skulle være ein sentral aktør i tverretatleg arbeid. Men Riksadvokaten ynskte at politiet meir skulle være «rein» i si etterforsking; altså gå ut av samarbeid med andre etatar kring bekymringssaker.

Etter «Bjugn-saka» vann Riksadvokaten og politiet tok ei restriktiv haldning i tverretatleg arbeid. Det var ingenting i Bjugn saka som skulle tilseie at politiet skulle samarbeide mindre med andre; Bjugn saka starta ved tett kontakt mellom foreldre og spesialisthelsetenesta utan involvering av politi og barnevern. Når Riksadvokaten summerte opp saka i Bjugn trakk han konklusjonane i tråd med tidlegare ideologi, ikkje knytt til erfaringane i saka.

I alle land utanom Noreg som har hatt liknande saker har det vore store høyringar og gjennomgang av sakene, og dei har alle konkludert med det motsette av det Riksadvokaten i Noreg gjorde; politi må etterforske seksuelle overgrep slik dei etterforskar narkotikaforbrytelser, ein kan ikkje vente på anmelding, men samarbeide tett med etatar som elles arbeider med barn – som barnevern og psykisk helsevern for barn og unge.

Saksbehandlaren hjå Riksadvokaten som skreiv rundskrivet som trakk politiet ut av tverretatleg samarbeid i praksis, sit framleis på jobben der og vi som kjenner feltet forventar ikkje sjølvkritikk på eigen praksis i etaten.

Det er altså mange krefter som gjer at det ikkje er store sjansen å ta for ein med lyst til seksuelle handlingar mot barn. «Lommemannen» er sjeldan; dei som driv rundt og gjer overgrep mot barn dei møter. Dei har høgast risiko for å verte teken. Dei er ikkje så mange, men gjer mange overgrep kvar.

Dei fleste som gjer overgrep er kjende av ofra; ungdommar, slekt, vener og foreldre, lærarar. Dei store mørketala er på dette området. Og det å halda på i 30 år utan å verte teken er normalen og ikkje unntaket.

Det må eit krafttak til for å endre denne situasjonen. Vi får vone at «Lommemannen» og saka kring politiet sitt arbeid kan sette fart på debatten om tverretatleg samarbeid og metodeutvikling knytt til handtering og oppfølging av barn utsett for seksuelle overgrep.

Elles vil eg be om at alle med lynsjelyst i denne saka roar seg ned. Det finst pedofile og andre som gjer seksuelle overgrep mot barn. Politi, barnevern, helsestyresmakter og andre må samarbeide for å identifisere dei som gjer slike handlingar. Å sperre dei inne for alltid løyser ikkje desse problema. Dess tidlegare slike handlingar vert identifisert, dess betre prognose er det for behandling. Vi er alle menneskjer med ulike sider og ting vi ikkje vil ha ut i det offentlege rom. Det er ikkje lett for nokon å vedstå seg slike lyster og søkje hjelp når lynsjestemning pregar mediabiletet.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media