For eit par år sidan hadde eg store problem. Det var min eigen son som var problemet. Han gjorde det dårleg på skulen. Og han var dårleg i idrett. Andre folk lo av han. Han gjorde både meg og ektefellen min flaue og fortvila. Eg var rådvill.
Dette er strengt tatt ikkje mine ord, men opninga på eit av sjølvhjelpslitteraturens standardverk, «The 7 Habits of Highly Effective People», og det er forfattaren sjølv som har vore så uheldig med avkommet sitt. Etter at boka kom ut i 1989, låg ho i årevis på bestseljarlistene, vart kåra til hundreårets mest innflytingsrike businessbok, er dyrka av så ulike folk som Mitt Romney og Bill Clinton, er omsett til 40 språk, inkludert norsk (og dukkar stadig opp i DNs På nattbordet-spalte), og har så langt seld 25 millionar eksemplar. I sommar døydde forfattaren Stephen Covey, 79 år gammal, etter eit sykkelvelt, og dermed hamna «7 Habits» atter øvst på bestseljarlistene.
Løysinga på problemet med den pinlege sonen dukkar opp då Covey kjem over ein annan bestseljar, holocaustoverlevaren Viktor E. Frankls Man's «Search For Meaning». Bodskapen til Frankl er kort fortalt ei innsikt han fekk i konsentrasjonesleiren, etter veker, månader og år med sult, fornedring, slavearbeid og avhumanisering: vaktarane hadde frårøva han alle tenkelege former for fridom, utanom denne eine: fridomen til å sjølv bestemme korleis han skulle respondere på den umenneskelege situasjonen. Men tankene mine får du aldri.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger