Det vondsinna gliset

På venterommet til min barndoms tannlege fanst det ein plakat med biletet av ein solidox-sunn småunge som gliste i kameraet med kvite fluortenner med null hull. Teksten var følgjande: «Av alle dyrearter er mennesket den eneste som viser vennlighet ved å blotte tennene». Men er det nå verkeleg slik at eit smil og ein latter nødvendigvis er vennlegsinna? Dei siste dagane har argumenta gått på at det motsette ofte er tilfelle.

Debatten om omstridd humor har kome til overflata igjen, gjennom mellom anna at Otto Jespersen, nok ein gong, har blitt meld til politiet for ein type humor som blir oppfatta støytande. Til og med humorkollegaer har gått ut og bedt Jespersen dempa seg. Samstundes viser ferske undersøkingar at mobbing i skulen er på veg opp igjen; to nyheiter som mange ikkje var seine om å kopla. Dei retoriske spørsmåla er velkjente: Er det rart me har mobbing blant barn når vaksne oppfører seg på denne måten mot kvarandre? Denne gongen har sjølv enkelte humoristar kome med nokså tabloide konklusjonar: ein kan driva med humor på bare to måtar: den gode og den vondskapsfulle.

Vel, ein skal ikkje leva lenge før ein oppdagar at det enkelte ler seg fillete av, blir av andre oppfatta som teit og/eller fullstendig umorosamt, primitivt, barnsleg, motbydeleg og støytande. For å nemna noko. Til dømes har teikneserien Zofies verden blitt karakterisert som nyskapande innanfor både norsk humor og teikneseriar. Og usannsynleg morosam. Samstundes har folk tatt seg bryet med å skriva inn til forlaget og uttrykka sin meining om kor provoserte dei blei av serien fordi den var så dårleg.

Spørsmålet «Kva er god humor?» må derfor etter mange si meining nødvendigvis få svaret «Det folk ler av». Slikt blir ein ikkje stort klokare av. Men går det an å få svar på eit endå kortare, men truleg vanskelegare spørsmål: «Kva er humor?». Ein av dei som har gjort det mest heilhjarta, grundig og vitskapleg forsøket, er psykoanalytikar Sigmund Freud (1856-1939). Austerrikes nest mest kjente person gjennom tidene blir nok oftast assosiert med tunge, akademiske utgreiingar om sigarar, tog i tunnelar og andre metaforar for fortrengte seksuelle fantasiar der konklusjonen var av typen «har du det ikkje bra er det fordi det ikkje blir eller har blitt noko på deg. I alle fall ikkje nok». Men han var også opptatt av i utgangspunktet lystigare saker.

I artikkelen «Humoren» frå 1927, ein slags oppfølgjar til den meir omfattande «Vitsen og dens forhold til det ubevisste» frå 1905, skisserer Freud opp ein formel for kva som gjer at me liker å le. Hans teori er at det kjenst godt å le fordi det gir oss ein pause frå det å kjenna medkjensle med våre medmenneske; «det humoristiske lystutbytte kommer av spart følelsesinnsats». Seinare i artikkelen utdjupar Freud dette synet: «Humorens vesen består i at man blir spart for affekter som situasjonen gir grunn til, og hever seg over slike mulige følelsesytringer ved hjelp av en spøk». Så langt er alt vel, ein kan le og vera humorist utan å føla seg som ein skurk og ein mobbar. Seinare blir det verre. Freud går vidare på tanken om at det å driva humor er ein aktivitet der ein gjennomført fjernar seg frå mykje av det spesifikt menneskelege når det gjeld menneskelege kjensler, deriblant det å kjenna empati: «[Gjennom] avvisningen av virkelighetens krav og gjennomtrumfingen av lystprinsippet, nærmer humoren seg de regressive eller reaksjonære prosessene som i så stor grad beskjeftiger oss i psykopatologien». Poenget her er at dette ifølgje Freud ikkje gjeld spesielle typar humor, men er humoren sitt spesifikke vesen, humoren i sin alminnelighet.

Men korleis er det mogleg å setja dei som liker ein god latter i bås med psykopatar? Kanskje kunne Freud vore med på følgjande døme: Ein tynnhåra, middelaldrande mann går over gata. Midtvegs kjem eit forræderisk vindpust, løftar hentesveisen og bles han vekk frå issen som ein pistrete liten busk. Febrilsk prøver opphavsmannen å klistra den til skallen, noko som sjølvsagt er fåfengt. På ein fortauskafé i nærleiken sit du og dine venner og fniser av opptrinnet. Morosamt? Utvilsamt, vil nok mange av tilskodarane seia. Men vondskap? Hæ?

La oss så endra innfallsvinkel: Den middelaldrande mannen har sett eit konkret bevis på at livet ikkje varer evig. Han tenker nok ikkje bevisst på at han skal døy, men baki hovudet ligg det truleg og murrar. Håret mitt held på å falla av, eg er ingen ung mann lenger, snart vil alt mitt ytre forfalla, min manndom og kraft vil forvitra, ryggen krøka seg saman, ledda knirka og fordøyinga svikta. Til slutt er det ikkje anna trøyst att enn å vita at ein snart skal døy. Alt dette rommar scenen med den flagrande hentesveisen, og me kjenner det Freud ville kalla nyting ved å oppdaga at eit av våre medmenneske sakte går i grava. Kan det då kallast noko anna enn vondskap å sitja å sjå på dette ulykkelege vesen og ikkje kjenna medkjensle, men morskap overfor det? Og er det ikkje nett denne «vondskapen» som gjer det morosamt? Humor med ein eller annan form for brodd er oftast det artigaste. Med unntak for dei den går ut over, naturleg nok.

Likevel ville det vore å gjera vald på Freud å presentera berre denne sida av humorteorien hans. Når han snakkar om at humor er ein del av psykopatisk framferd, må dette også forståast i ein meir psykologisk og strengare omgrepsbruk: humor er ein måte å fornekta røyndommen, og å fjerna kjensler som også kan vera smertefulle, gjennom den nemnde «avvisningen av virkelighetens krav og gjennomtrumfingen av lystprinsippet». Han nemner her eit døme der ein forbrytar blir ført fram til galgen på ein måndag for å avrettast, og kjem med følgjande replikk: «Jaha, denne uken begynner jammen bra». Her blir ein igjen, som tidlegare nemnd, spart for kjensler, som i dette tilfellet må seiast å vera særs negative, gjennom bokstaveleg tala galgenhumor. Humoren er likevel same greia, ein bruker same teknikk enten ein inkluderer sine medmenneske med sjølvironi eller gjer narr av dei same medmenneska med humoristiske innfallsvinklar og høglydt latter. Og då passar det kanskje bra likevel at me menneske blottar våre kvasse rovdyrtenner mot andre når me ler?