DEBATT

Menn som berre vil «prata litt»:

Dette er ikkje klønete flørting

Eg trur mennene veit dei tråkker over ei grense.

PRATE LITT: Rebecca Storevik tror innpåslitne menn vet godt hva de gjør. Foto: Privat
PRATE LITT: Rebecca Storevik tror innpåslitne menn vet godt hva de gjør. Foto: Privat Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

På sosiale medier held den nye emneknaggen #VilleBarePrateLitt på å ta av. Kvinner fortel historier om sine opplevingar med pågåande, snakkesalige menn. Forteljingane er attkjennande.

Sjølv kunne eg ha byrja i 2003, før eg fylte 13.

Eg hadde byrja med vaksne menn, som sa eg såg eldre ut, som sa dei skulle ønskje eg var eldre, som sa at alder ikkje hadde så mykje å seie når ein var så moden som meg. Som 12 år gamle meg.

Eg hadde avslutta med han på bussen måndag, som sa at eg var keisam og dessutan stygg uansett, fordi eg sa at eg gjerne ville lese og høyre musikk i staden for å prate.

Eller kanskje med han førre fredag, som tok handa mi utanfor Bystasjonen og ikkje ville sleppe før han hadde fått fortalt meg at eg var pen, som prøvde å dra meg mot kompisen sin etterpå.

Nokre menn, som berre ville prata litt, har festa seg betre enn andre.

Ein av dei var fyren på nattoget som heldt augnekontakt med meg, medan han strauk seg på pikken, for så å følgje etter meg på togstasjonen og spørje om eg ikkje var litt ung til å reise aleine om natta.

Ein annan er han som sa eg var pen, og bad om nummeret mitt. Eg takka for komplimentet og sa at eg ikkje var i marknaden for nye vener, og han greip handleddet mitt og ville ikkje sleppe før kompisen eg skulle treffe, fann meg.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer