Tidlegare denne veka stod stormuftien av Bosnia-Hercegovina, Mustafa Ceric, i Universitetet i Oslos Gamle festsal og samtalte med generalsekretæren for Kirkenes Verdensråd, norske Olav Fykse Tveit. Temaet var fleirkulturell sameksistens og global rettferd. Høvet var Det teologiske fakultets tohundreårsjubileum. Hendinga manifesterte at kyrkjene ikkje lenger berre fører økumeniske samtalar med kvarandre, men også regelmessig med leiarane for andre religionssamfunn. Møtet var også eit uttrykk for at fleire teologiske fakultet i Europa no er inne i ein prosess der dei gir rom for undervisning og forsking i islamsk teologi, side om side med den tradisjonstunge kristne teologien dei forvaltar. Slik også her i Oslo.
Dagen før deltok stormuftien på eit møte arrangert av fakultetet, Den norske kyrkja og Islamsk Råd om korleis ein skal møte religiøs ekstremisme i Europa. Det vart ein djuptloddande samtale prega av erfaringane frå dei kristne serbarane sin massakre på muslimske landsmenn i Srebrenica, militante islamistar sine terroranslag mot Vesten, og vår eigen 22. juli. Stormuftien sitt grunnleggande spørsmål var dette: Korleis møter vi menneske som ikkje angrar sin udåd, men drep andre fordi dei meiner det er rett og nødvendig? Dette er den felles utfordringa som kristne og muslimar står overfor i Europa i dag - ein ekstremisme som i religionen (eller den eigne kulturen) sitt namn viskar ut alle moralske grenser.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger