Dikt frå dusjen

Månadens dikt kom til Per Esben Svelstad (16) i dusjen.

Per Esben går i fyrste klasse allmennfag på Otta vidaregåande skule. Han fortel at han har skrivi dikt i godt og vel eit år.

- Det som inspirerte meg til å skrive dette diktet var rett og slett at eg tok ein dusj ein sundagsmorgon, og tykte det lukta veldig rart av meg. Da datt «Rein att, nå - eller?» rett ned i hovudet på meg. Det er slik det skjer, plutseleg høyrer eg heile verseliner i hovudet, seier poeten.

Vil skrive

- Det eg har mest lyst til å gjera i framtida er å skrive, og eg drøymer om å kunne leve av dét, fortel Per Esben.

Dessutan vil han studere mange språk, religion og psykologi.

- Dersom det ikkje blir forfattar av meg, vil eg helst bli psykolog eller språklærar.

Hans største førebilete blant forfattarar er Emily Dickinson, Karin Boye, Kahlil Gibran og John Steinbeck.

- I tillegg likar eg veldig godt gamle jazz- og bluestekstar, fortel han.

Les diktet

«Rein att, nå - eller?»

Det lukta daud og rotning av meg i dag tidleg

Det var døgnet som hadde døydd på meg

I dusjen

spyla eg av meg all forderving

og lét dauden renne vek i sluken

saman med åtseldyr frå sengi mi

Så vart eg mordar for reingjerings skuld

og luktar ikkje meir av korkje dyr eller daud

Juryen: Med sluket som mordvåpen

Diktet «Rein att, nå - eller?» har litervis med kvaliteter, men først og fremst er det skrevet slik at det maner til smil. Det begynner kvalmende, d-lydene i «daud» og «døydd» og «døgn» blir spytta ut med avsky. Så kommer sceneskiftet: Det frelsende vannets rensende funksjon. Det syndefulle legeme begraves og renses for midd og råte av en hardt tiltrengt dusj. Til slutt rundes diktet av med en oppsummering: Renselsen er et hygienisk faktum. Tilstanden av råttenskap er forandret. Det sorte er borte. Midden er drept. Og jeget har blitt morder. For hygienens skyld.

Juryen ber om at man ved den endelige domfellelse tar de formildende omstendigheter i betraktning.

For juryen,

Kristian Rishøi

PÅ KRETA: Per Esben er månedens poet for februar i Skolekammeret.