Dikt med truck

Tydeleg og vellykka dikt om ståk og stille.

BOK: Per Jonassen er ein poet som går med løfta hovud inn i ein annan del av vår lyrikktradisjon enn fleirtalet nå. Namn som fell ein på tunga er Hans Børli, Kolbein Falkeid og Bertolt Brecht. Det er altså dikting med klar tale og tydeleg bodskap i ei gjenkjenneleg verd, der andre legg vekt på å la språklege tentaklar stryka fragmentarisk over ukjente soner. Samstundes skriv Jonassen ofte med djup innsikt og filosofisk alvor. Men traurig vert det ikkje! Uteseglaren som me har møtt før, har fått seg jobb på land og køyrer truck.

Og det svingar vakkert når han skriv «jeg smyger truckgaflene/under den siste tønna/for også hun skal danses med/ før sola står opp over Ekebergåsen/ og jobben min er over».

Ikkje alt er like sterkt, det skal seiast, for også dette er ei svært krevjande form. Men gjennomgåande er dikta både vellykka og sprunge ut frå noko som er viktig å få sagt. Dette er ein poet som fangar deg inn i eit tydeleg bylandskap og vitnar om sitt liv i verdsnatta. I «Grensetraktene» er det kan hende ein samtale med Hans Børli, «en tømmerhogger/som bød på kaffe og sprit» . I eit dikt dukkar Dylan Thomas opp. Eit ekko av ein annan Dylan kan ein vel ana i «Gjest i huset»? Me møter elles Kongen over alle kranglefanter, og får ei sterk melding om jenta som kappemaskinen tok, og andre innsikter og utsikter frå arbeidsplassen på jorda. Men det er ikkje bitre dikt. Det som pregar den underliggjande haldninga er noko avklart; slik er det. Og om kvelden «kan du sitte som en tue i gresset/mens du følger en svale med øynene».

Jonassen har ein eigen evne til å visualisera oppsummerande utan noko trøyst:

«Under den mørke himmelen

Mellom de våte fasadene

I sørpehavet under gatelykta

lå en liten ullvott

Det var et syn like intetsigende

som når man ser tilbake på livet

og det man får øye på

er en halvpart av ingenting»