Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Dikt med tyngde

På sitt beste er Henrik Nor-Hansen ein poet som formulerer dei mest vanlege hendingar i eit sensasjonelt bra språk.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Med påtrengjande einsemd og lysande, eksistensiell nærleik, formulerer Nor-Hansen korleis det er å vera eit reflekterande og sansande menneske midt inne i ei tid der den blandinga nærast bare er for outsiderar. Det mest fascinerande er så avgjort at Nor-Hansen klarar å løfta fram dei enklaste daglegdagse hendingane og skapa eit press av eksistensielt alvor rundt dei, i denne diktsamlinga, som i «Realitetane» frå 1996. Kven andre kan skapa eit intenst dikt om det å stå i garasjen og sjå seg om? Om å måla huset? Om å opna eit fiskeskrin? Tinga får ei tydeleg tyngd i desse dikta.

Perlesetningar

Han kan slå til med setningar der det går føre seg små forskyvingar som løfter tekstane opp på eit plan eg assosierer med Lars Norén sin syttitalslyrikk. Det er noko felles i formidlinga av opplevingar i Stockholm på syttitalet og Stavanger på nittitalet, som rett og slett særmerker god poesi. Innimellom skriv nok Nor-Hansen linjer som verkar lite presise, tilfeldige eller uinteressante. Det dreg ned. Men kanskje er noko av desse vanlegare setningane naudsynte for å byggja opp til dei lysande innsiktene og litterære perlesetningane han formidlar på sitt beste?

Livsløp

Hovudinntrykket eg sit att med når eg endå ein gong lukkar denne boka, er ei kjensle av å ha vore inne saman med eit menneske som ser, tenkjer, les, reflekterer og er til i ei rørsle frå vogge til grav, og som ser sitt eige livsløp i eit perspektiv der atoma er millionar år gamle medan «gatelyktene tennes synkront over store deler av Jæren».

Lyst til å diskutere?

Besøk Dagbladet debatt!