Dikt som gir stille glede

Ei uvanleg vakker og gjennomført diktsamling av ein av våre beste poetar.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Når syng Sisyfos? Det må jo vera medan han går nedover fjellsida, for snart igjen å streva seg oppover med den tunge steinen. Etter strevinga oppover, kor lett må det ikkje vera å gå nedover, utan stein! Han syng og ser seg om!

Denne syngjande boka som Anne Bøe har laga, gjev meg også assosiasjonar til målaren Claude Monet og hans tallause variasjonar av høystakkar, katedralfasadar, i ulikt lys, til ulik tid på dagen på året. Ved å skapa nesten like, men heilt forskjellige måleri, fekk han fram noko ved prosessen; kvart bilete eit sjølvstendig kunstverk, kvart bilete i relasjon til dei andre.

Forelsking

«Sisyfos synger» høyrer til dei sjeldne lesaropplevingane. Ei diktsamling på 110 sider med gjennomført flyt, som ei grøn forelsking i insektenes rike, ja, det er vinter også, men vinter på ein nysett måte.

Anne Bøe skriv om dei mest tradisjonelle tema i norsk lyrikk, kjærleik og natur, men ho gjer det på sine eigne diktariske premisser, og ikkje minst, ho gjer det med erfaringas fingeravtrykk, slik at ein kjenner at dette blir slik det må bli, utan fiksfakseri eller bryting av grenser for eksperimentet si skuld. Her skjer den lyriske rørsla med kunstnarleg nødvendigheit. Ei imponerande bok som gjev meg ei stor stille glede og «grønn fortrolighet». Hah! Dei vil ha oss til å tru at dette ikkje er mogleg. Men Anne Bøe viser oss med styrke og mjuke rørsler at det finst ting som aldri går av moten, dersom ein bare gjer det godt.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer