Dikt som snakkar

Trass nokre unødvendige dikt, overtydar Haagensen igjen.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Med den lett psykologiserande og ikkje heilt vellykka tittelen «Hvorfor er jeg så redd?» er produktive Nils-Øivind Haagensen attende med nye og til dels lange, snakkesalige dikt. Her og der vert ein som lesar gripen av ei kjensle av at ikkje alle desse dikta verkar like nødvendige, ikkje verkar like viktige å skriva, men det er ikkje ei kjensle som varer lenge. For Haagensen har verkeleg opparbeidd seg den kjensla for stil og form som gjer at han får det han skriv til å verka medrivande, og han er i stand til å laga leseverdige dikt av det meste. Etter at eit litt for stororda dikt startar det heile med linja «jeg dør hver dag» der dikt-eget «prater og ler» og «kjenner etter» og «kjenner det/(du vet)/det som finnes/ i det som ikke finnes»plasserer han bokstavleg talt beina på eit konkret golv, «Brogata fem i Ålesund nitten/syttitallet» barndommens golv, og samstundes med at ein tanke om Mor Godhjerta dreg forbi oss, så tek det til å svinga av teksten, og det svingar seg opp og inn i nåtida, og Haagensen overtydar, Haagensen overtydar alt i meg som kan lesa dikt, om at dette er poesi, dette er god svingande, drivande poesi som har det spesielle «som finnes i det som ikke finnes».

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer