Dikt som vil vera noko anna

Samanhengjande og kompleks bok, men delvis for konstruert.

BOK: Det er lett å finna fram til det positive ved denne boka; ho er gjennomarbeidd, samanhengjande og kompleks. Det er ei språkkritisk og tankekritisk bok i forlenginga av det Hødnebø har skrive før. Med eit breitt tilfang av stoff, frå eventyr og mytar, som den blinde spåmannen Teiresias, filosofen Plotinus og antikke skodespel, klarer ho å binda det heile saman i sitt merkverdige diktunivers og skapa dikt som fungerer som rare tekstar med vekslande vanskegrad.

Messande

Med ein søvngjengaraktig sikkerheit vert dikt etter dikt framført på ein messande måte, og teksten fangar oss inn, mellom anna ved heile tida å knytt språket opp til vår tid. Når me vaknar, har me forundra lese klisjear som «forsvinner du / som dugg for solen» eller «som sunket i jorden». Tittelen på samlinga er eit krigsmotiv. Leonardo da Vinci konstruerte ein stige som kunne køyrast fram for å innta fienden sine festningar. Hødnebø vil kanskje innta område som ikkje har vore erobra av språket før, ho går til åtak på alt som er sagt og gjev oss nye versjonar.

Men det er ikkje like lett å finna dei store leseopplevingane, slike som får deg til å leggja boka frå deg og sjå ut vindauget med ei kjensle av at du nettopp har fått ein støyt av poesi.

Slik fungerer ikkje desse dikta. Det er vel det siste dei vil. Mange av dei kjem bare langsamt til lesaren, og nokon har eg framleis ikkje fått kontakt med.

- Utfordrar oss

Mykje ved Hødnebø sin skrivemåte gjer ein nysgjerrig. Den utfordrar oss. Veikskapen ved ein del av dikta, er den ekstreme graden av konstruksjon. Poesien står fram som ord og tanke, tvil og undergraving av diktet som prosjekt. Og godtek ikkje dette heller. Det er ei viktig grunnlagsgransking involvert i dette, men det krev også at det er noko spennande ved det, at det inneheld dører, sjølv om dei er lukka. Elles oppstår det ein slapp avstand utan blikk eller røyst. Men dei beste dikta i denne boka opnar også døra for oss, syner fram at «det hviler en forbannelse / over det som er velkjent» og talar avslørande: «det som ikke bør sees / blir synlig gjennom våre handlinger.»