Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Diktar i minefelt

Den nordnorske forfattaren Lars Berg hadde ei usvikeleg tru på det frie menneske.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

100 år etter at den nordnorske forfattaren Lars Berg blei fødd, har mange grunn til å spørja om han ikkje vart undervurdert i si samtid. Lars Berg hadde ei usvikeleg tru på det frie menneske. Omfattande aktivitet på mange frontar førte til at han fekk mange å bryne seg mot.

Nokre kritikarar ville hengja merkelappen «heimstaddiktar» på Lars Berg. Han kom frå ein gard liggjande på grensa mellom fjellet og storhavet i noverande Tromsø kommune, og engasjementet for bygdesamfunnet, fiskarbonden og huslyden hans varte heile livet. Berg hadde vore med faren på fiske, men då han synte gode teoretiske evner, skjøna faren at guten måtte få utdaning. Han gjekk på lærarskulen i Tromsø, praktiserte deretter yrket både på Vestlandet og i heimkommunen Hillesøy. Så kom han til hovudstaden og i kontakt med det kulturradikale miljøet. Han blei påverke av Sigmund Freud og hans teoriar om at undertrykt seksualitet fører til skam- og skyldkjensle, noko som igjen skapar ufrie, ja, endatil farlege menneske. Han hadde fleire år diskusjonar med psykiateren Ingjald Nissen om desse spørsmåla. Under arbeidet med den siste romanen drøfta han intenst psykologiske spørsmål med Nissen, mellom anna også om undertrykt seksualitet fører til aggressivitet som igjen kan vera med på å utløysa krig.

Mange fann Lars Berg sine bøker moralsk forkastelege. Borgarskapen kasta seg over han, og presteskapet ville ikkje ha noko med han å gjera. Han vart utpeikt som «rikspornograf» og møtte harde åtak kor han kom, både i avisa Tromsø og i Morgenbladet. Romankvartetten frå 1936 til 1939, av Nils Magne Knutsen omtalt som «hovedverk», er ei stor og intens forteljing om familien Skarnes. Menneska er ikkje berre knuga av driftene sine, dei kjem også i politisk klemme etter som dei engasjerer seg. Ein av hovudpersonane, Kjell Skarnes, er som forfattaren sjølv ein lærar som engasjerer seg djupt i lokalsamfunnet. Det er ikkje berre samfunnet som er under omdanning, det finn stad store tumultar i familielivet, der mellom anna broren framstår med klårt psykopatiske drag.

Krigen gav Lars Berg røynsler som han skulle få bruk for. Han markerte seg tidleg som ein sterk motstandar av nazismen. Dette kom m.a. til uttrykk etter at Knut Hamsun i 1935 hadde gått til åtak på den tyske pasifisten og skribenten Carl von Ossietzky. Alt under Weimar-republikken hadde han vore kritisk til den politiske leiarskapen i Tyskland. Mange meinte han fortente fredsprisen, men Hamsun hevda alt anna. Hitler såg på han som landssvikar, og Ossietzky blei fengsla. Då Helge Krog så tok initiativ til ei utsegn som støtta Ossietzky, var Lars Berg ein av dei 33 forfattarane som skreiv under. Nils Johan Ringdal skildrar i forfattarforeninga sitt minneskrift «Ordenes pris» det uveret som braut laus, utan å koma inn på den lagnaden som venta Lars Berg. Han var ein av dei fyrste forfattarane som i 1942 blei tatt av Rinnan-banden, og den som sat lengst fengsla av dei. Sjølv om Berg med dette fekk mykje å bera på vidare, gav krigsrøynslene og fangenskapen han motiv og energi til å føra kampen for det frie mennesket vidare etter krigen.

Eitt av dei spørsmåla Berg kjempa med, var korleis diktaturet kunne vekse opp og stabilisera seg i eit samfunn. Berg handsama dette vanskelege tema på ein annan måte enn det vitskapen hadde teke for sannsynleg, felles kjensle av stor styrke hjå einskildmenneska. I romanen «Her er sedejord nok» (1954) skildrar Berg korleis predikanten fangar dei små menneska i nettet sitt ved hjelp av små kvardagskjensler. Predikanten utviklar eit sosialt diktatur ved å spela på indre motsetnader i det vesle lokalsamfunnet. Ingjald Nissen skreiv om «De små følelsers rolle» (Arbeiderbladet 9.2.1955), og viste til Berg sitt meisterlege grep både over sosiale, psykologiske og politiske tilhøve: «Lars Berg er en dristig ånd og en ekte forfatter som ikke lar seg avskrekke av noe spørsmål.»

Nettopp dette, at Berg synte slik breidde i forfattarskapen sin, kan ha vorte eit problem for dei som seinare skulle fortolka diktinga hans. Berg var generalisten som frå han var barn av hadde opplevd mangfaldet i livet rundt seg. På mange måtar brende han ljoset sitt i begge endar. Han interesserte seg verkeleg for menneska omkring seg og han engasjerte seg i stort og smått: den daglege skuledrifta, utviklinga av pedagogikken, organiseringa av fiskarane, opplysninga osb. Berg var medlem av Arbeiderpartiet, men aldri nokon partiagitator. Han la ut i mange minefelt, noko vi ser i dei 12 romanane og rundt 50 novellene som han skreiv. Han forfatta også eit utal prologar og dikt. Eit utval av dikta kom nyleg ut i samlinga «Steingaren framfor havet» (Orkana forlag).

Berg hadde ein arv frå Petter Dass å ta vare på. Han skildra små menneske frå ein stor utkant i strid med krefter sterkare enn dei sjølve. Det kunne vera kampen mot eros hjå Tor Sollid og Einar Utnes, ei Rønnaug Greipstad i strid mot den psykopatiske ektefellen og bygdesladderen, Kjell Skarnes mot den militære overmakta, Per Storvik mot naturkreftene, Maria mot nedarva puritanisme, folket i Salarfjorden mot vantrua og Thure Granberget mot lagnaden. I biografien «Lars Berg» av sonen Einride Berg, skriv Linda Nesby i eit essay: «Lars Berg lot sine litterære karakterer vinne de slag han hadde satt dem til å kjempe, og fortellingene om dem er små bautaer over det de stod for.»

I tida etter den andre verdskrigen stod den nordlegaste landsdelen framfor ei materiell atterreising. Lars Berg såg klårt at det samstundes måtte skje ei åndeleg opprusting. Igjen synte han engasjement på mange område. Ei av dei store fanesakene var kampen for eit nordnorsk teater. Berg hadde heile sitt vaksne liv drøymd om eit nordleg scenespråk. I 1938 lanserte han ideen om eit Hålogaland Teater. Han stifta teaterlag og agiterte, brukte vener og partikameratar. Han fekk motbør frå hovudstaden: eit nordnorsk teater ville vatna ut heile det norske kulturlivet, og dessutan hadde ein jo Riksteateret - som jo til og med reiste til dei nordlegaste utkantane! Han blei også motarbeidd nordpå. Nokre hevda at Berg hadde distriktspolitiske motiv, noko som i tida etter krigen ikkje var like populært i det store partiet. Sentraliseringa kom på moten, men Berg kjempa for bygdene, småstadene og sterke regionar i nord. Han ivra til og med for eit teater for heile Nordkalotten der samane måtte ha sin plass. I Sverige fekk han gode støttespelarar i Eivind Johnson og Jan Fridegård. Han nytta mange nattetimar på å skriva brev til styresmaktene, gjorde reiser til Oslo for å overtyda kyrkjestadsrådane, og forfatta eige drama. Skodespela «Maria» og «Petter Dass» blei oppført, det fyrste på Det Norske Teatret i 1959, det andre på Hålogaland Teater i 1984.

Mange har undra seg over kvifor Lars Berg ikkje har fått ein større posisjon i diktning og litteraturhistorie. Han tok opp svært kontroversielle emne, og dessutan skreiv han på eit dialektfarga nynorsk som mange lærde ikkje likte. Men han heldt ved trua på menneska. Då Agnar Mykle i 1957 blei dømd for litterær utukt som følgje av «Sangen om den røde rubin», rykka Berg kontant ut til forsvar.

Lars Berg var redd dei som ikkje ville tilgje. Etter krigen forsvarte han ein han hadde som politisk motstandar, diktaren Knut Hamsun. Han held nær kontakt med Marie Hamsun og sonen Tore. I fleire år pågjekk det ei intens brevveksling der Lars Berg rosa geniet som hadde hamna på feil side. Då Marie Hamsun fekk store økonomiske problem, rykka Lars Berg ut i felten for at ho skulle få ein ekstra stønad å leva av frå Den norske Forfatterforening.

Lars Berg var høgt og lågt. Han var ingen puritanist på livet sitt glatte dansegolv. Han skreiv vakkert i forsvaret for Mykle: «Moralen må ikkje stå imot opplysninga, men springe ut nettopp av den. Kjennskapen til menneskekroppen skal stålsette og skape vidsyn og forståing.»

Det var nettopp det han hadde, han som av og til rodde saman med dauden på tofta over skummande hav.

Hele Norges coronakart