Diktkammerlova (minileksjon)

11 diktvettregler fra Helge Torvund.

(Dagbladet.no):

1. Skriv på nysvensk, bokmål, dialekt, dansk, nett som de vil!

2. Skriv så ulikt som mogleg.

3. Skriv om kontroversielle sakar og ting.

4. Oppfør dykk etter vanleg nettskikk!

5. Ver medviten om kvifor du vel det oppsettet du vel til teksten din!

6. Ver ekstra medviten om du bryt med dine eigne premissar for oppsett.

7. Skriv om massakrer, pikk og fitte, krigshissarar og dei grusame følgjene av bruken av uttynna uran, skriv om dritt og søle, skriv om kloakk og måne, vakre blomar og ihelkøyrde pinnsvin. Skriv om aksjer og valdtekt, om lykketroll og halshogging i ørkenen. Dop, død og kanibalisme. Kjærteikn av nåde, måneskin av kyss, og ikkje minst om lukta av håret til den du elskar.

8. Hugs at det løner seg å kritisera. Læraren vil ha elever som går sin eigen veg og ikkje er lydige.

9. Les gjerne alle Torvund sine diktsamlingar, men skriv så ulikt dei som mogleg. Les gjerne alle leksjonane også.

10. Vær tradisjonelle, utradisjonelle, tidlause, avantgardistiske, spydspiss, etterdønning, modernistiske, post-modernistiske, postkontoristar, premature, paranoide og pubertale.

11. Skriv fram di eiga røyst same kva dei andre seier. Til det skal det ein styrke, eit driv som i seg sjølv fortel kvifor du skriv. Keramikaren Aune frå Trondheim fortel: Då far min skulle læra meg å dreia, måtte eg setja alle skålene på ei fjøl, og han kom og inspiserte. Han slo brutalt i golvet dei som ikkje heldt mål. I byrjinga var det alle som ei. Etter kvart vart ei og anna ståande på fjøla. Og etterkvart lærte eg.

SKRIV!</B> - Om massakrer, pikk og fitte, eller lukta av håret til den du elskar. Helge Torvund gir deg en kjapp innføring i hvordan du skriver et godt dikt.