Diktoppfinnar

Flink med ord og bilete skapar Martinsen dikt som ofte vert for mykje leik.

Per Ivar Martinsen er aktiv og gjev med dette ut si femte diktsamling. I 2001 gav han ut ei flott samling gjendiktingar av den spennande jugoslavisk-amerikanske poeten Charles Simic. I tillegg gjev han ut plater under namnet Coydog.

Han skriv i ei forlenging av surrealismen, og mange av tekstane har avgjort noko til felles med Simic, som her har fått sitt eige dikt, men også med dei meir surrealistiske tekstane til Bob Dylan. Martinsen er flink til å finne opp uventa og slåande bilete og nyord, som «kaoskverulant» og «enkeskyggene». Han utførar ein laussluppen leik i mange av dikta som er underhaldande og full av overraskingar. Han er også ein god observatør og kan skildre menneska sine situasjonar på bybussar og tivoli så du kjenner det. Eit av grepa som han nyttar både der det fungerer og til overmål, er skifte av perspektiv.

Problemet er at det vert for mykje ordleik og for mange flinke oppfinningar etter kvarandre. Å begrensa seg er ikkje Martinsens styrke. Av og til saknar eg tråden til røynda, til eit underliggjande alvor, for å seia det traust og norsk. Det vert for lett, for krumelurt. Han ser det av og til sjølv og får seg då til å øydeleggja eit godt dikt som «Vuggevise for et våkent mareritt» med ei umotivert «alvorleg» sistelinje: «og forresten hengte de slakteren i dag». Men av og til slår bileta lenger inn i ein, som der «Guds finger» plutseleg kjem til syne «avhogd / under vedstabelen», eller når du går «elvelangs / med engler dansende på tungespissen».