Diskuter Afghanistan

AFGHANISTAN: Janne Haaland Matlary tyr til desperate knep i Afghanistan-debatten. Ho vil heller setta falske merkelappar på meiningsmotstandarane sine enn å diskutera kva NATO og Noreg gjer med det afghanske samfunnet. Ho om det. Men når skepsisen til krigføringa i Afghanistan aukar her heime, skuldast det at den militære innsatsen ikkje gir dei resultata vi vart fortalt at han skulle gi. Taliban og andre krigsherrar styrkar seg, narkotikaproduksjonen har auka dramatisk, og levekåra har ikkje forbetra seg, sjølv frå eit svært dårleg utgangspunkt. Då hjelper det altså lite å visa til ein enkelt avisartikkel for å gi eit anna bilete av situasjonen, eller å truga kritikarane til å halda kjeft. Matlary bør ta seg ein prat med dei som følgjer utviklinga i Afghanistan på nært hald. Der vil ho ikkje finna lovprisingar av NATO sin strategi, men forslag til kva som bør gjerast annleis.

Fredsinitiativet lyttar til forskarar, hjelpeorganisasjonar og afghanarar med førstehands kjennskap til utviklinga. Vi prøver å påverka norsk politikk vekk frå støtten til den noverande NATO-strategien. Det er ikkje mogleg eller ønskeleg å kombinera offensiv krigføring med humanitær innsats, slik NATO gjer i dag. Det er å hella bensin på bålet til konfliktane som skaper dei elendige levekåra for afghanarane. Det er også å vanskeleggjera hjelpearbeid og skapa mistru til dei vestlege hjelpearbeidarane som forsøker å vera nøytrale. Vesten kan ikkje føra ein krig og samtidig styrka menneskerettane. Å drepa sivile med den eine handa og bygga skular med den andre set skulebygginga i fare. For å gi rom for reelle fredsforhandlingar og ei politisk utvikling der også andre enn ulike krigsherrar har eit ord med i laget, må NATO-styrkane trekkast ut. Kan henda trengst det internasjonale styrkar som overvakar fredsforhandlingar og tryggar hjelpeorganisasjonane sitt arbeid, men dette må i så fall vera ein nøytral, fredsbevarande FN-styrke. Ikkje styrkar som sjølv er part i krigen.

Debatten om Afghanistan er viktig. Først og fremst fordi vi ikkje kan lukka auga for konsekvensane av norsk og vestleg krigføring i eit anna land. Men også fordi det handlar om utviklinga av det norske forsvaret. Vil vi at militærmakta skal vera eit utanrikspolitisk verkemiddel, slik Matlary meiner at det er? Eller vil vi ha eit defensivt forsvar, med sterk folkeleg forankring og basert på forsvaret av reelle interesser? Noreg har for tida om lag kvar femte soldat i den ståande hæren utplassert i Afghanistan. Det er eit svært høgt tal, og langt meir enn Forsvaret kan tola på lengre sikt. Spørsmålet er om dette er i samsvar med dei viktigaste tryggingspolitiske utfordringane våre. Forsvarspolitikk angår i høgaste grad demokratiet og det Matlary kallar «resten av samfunnet». Når resten av samfunnet er i tvil om vi brukar Forsvaret sine ressursar på rett måte, trengst det meir debatt. Ikkje mindre.