Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

«Distriktsfiendtlig dritt?» Her er litt kunnskap

Senterungdom-leiar Torleik Svelle etterlyser kunnskap om landbruk og distrikt frå Grøn Ungdom. Det skal han få.

IDYLL: Geiter på fjellgård i Nærøyfjorden. Arkivfoto: Lars Myhren Holand / DAGBLADET
IDYLL: Geiter på fjellgård i Nærøyfjorden. Arkivfoto: Lars Myhren Holand / DAGBLADET Vis mer
Meninger

Då far min var ung produserte han korn og grønsaker 670 moh, i vekstskifte med vinterfôr til kyrne. Innmarka er god også i dalane, berre ikkje god nok til å vera konkurransedyktig på pris med flatbygdene. No produserast det utelukkande gras på den same innmarka, til eit høgare tal kyr. Kyrne et i tillegg dobbelt så mykje kraftfôr, omlag 45 prosent av fôret, nesten halvparten importert. Samstundes gror stølsvollane våre att med kratt og fjellbjørk, fordi berre dyrka mark er godt nok for «effektiv» kjøt- og mjølkeproduksjon. Dette er symptomatisk for landet, og det svekker sjølvforsyninga.

KLIMA: MDG foreslår en radikal økning i flyprisene både innen- og utenlands i sitt alternative budsjett. Video: NTB Scanpix Vis mer

Garden eg har odel på er ein fjellgard med 100 mål dyrka mark og 16 000 mål utmark. Eg er medlem av både Grøn Ungdom og Miljøpartiet Dei Grøne, og eg kan med handa på hjartet stolt seie at eg tenkjer å drive med beitebasert kjøt- og mjølkeproduksjon når eg tek over denne garden. I tillegg vil eg hauste aure, molter, blåbær og krekling, og starte opp att dyrking av grønsaker på innmarka nede i dalen. Eg håpar eg får politikken med på laget. Får eg det med ein foreina politikk mellom Senterpartiet og MDG?

Svelle seier han er forbanna på MDG og ber dei leggje frå seg den «distriktsfiendtlege dritten». Saka bak denne uttala til Dagbladet torsdag var ideen om kor vidt Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne kan samarbeide i regjering. Som motargument trekk han hovudsakleg fram synspunkt og uttaler frå Grøn Ungdom, ikkje MDG, der GU er meir ytterliggåande enn moderpartiet sitt. «Det er ei kjempekløft mellom oss,» seier han, men det kan nesten verke som han ynskjer ein polarisert debatt? At han ynskjer å framstille det som at me vil verne alt av skog og ulv, medan det ikkje vil verne noko som helst?

Grøn Ungdom kan ha overdrivne spisse vedtak og uttaler om kjøt, det syns eg sjølv òg, men eg vil ikkje skulde moderpartiet for det same. MDG er pragmatiske og kunnskapsrike. «Kor mykje kjøt» er veldig forskjellig frå «ja eller nei til kjøt». Me vil styrke tollvernet, få bukt med overproduksjon og sviktande marknadsprisar, heve kornprisen og beitetilskota og styrke kåra for små og mellomstore bønder over heile landet. Me vil gjera det lønsamt å produsere både dyr og grønsaker mindre intensivt for å redusere fôrimporten auke matproduksjonen på norske ressursar, og gje betre tid til bonden per dyr. Er dette i strid med kva Senterpartiet ynskjer?

Avstanden mellom Sp og MDG er endå stor på mykje, særleg på olje og erkjenning av klimakrisa, men det er tull å hevde at landbruk og distrikt er det som skil oss mest. Senterpartiet og Senterungdommen står likevel fritt til å velje mellom å bruke kreftene sine på å byggje polariserande stråmenn eller konstruktiv dialog. Mon tru kva bønder og bygdefolk tener mest på.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media