DIGG PÅ DIREKTEN: Debbie Harry fra Blondie digget Funky Four + 1 og sørget for at de gjorde den første direktesendte rap-opptredenen på TV i 1981. Her med den rosakledde MC Sha Rock. Skjermdump: Videodrome/SNL
DIGG PÅ DIREKTEN: Debbie Harry fra Blondie digget Funky Four + 1 og sørget for at de gjorde den første direktesendte rap-opptredenen på TV i 1981. Her med den rosakledde MC Sha Rock. Skjermdump: Videodrome/SNLVis mer

Do the ditt, do the datt

Dei fyrste hip-hopgruppene var danseband.

Når ein seier «hip-hop» i dag, tenker dei aller fleste straks på ein rappar, men rapparen var den sist tilkomne kunstnaren i denne kulturen. Hip-hop starta i The Bronx, New York tidleg på syttitalet før rapmusikken fanst, og det var ein humørfylt fest- og dansekultur. DJ-ane kontrollerte festane, og spelte mykje funk, soul, og etterkvart disco — og til og med rock. Dei spelte musikk med tydelege og ofte enkle rytmar, som er bra å danse til.

DJ-ane var kongane i denne subkulturen, og dei var ofte festarrangørar òg. Dei hadde sine eigne anlegg, og kjempa om å lage dei beste festane. Konkurransen fekk folk til å vere kreative, og DJ-ane hadde stadig nye idear og påfunn for å overgå konkurrentane. Den aller viktigaste DJ-en på denne tida, var DJ Kool Herc som hadde flytta til Bronx frå Jamaica då han var 12 år. Han gjorde ei svært viktig oppdaging då han såg at folk dansa ekstra mykje under trommebreaka. Herc fann ut at han kunne forlenge desse breaka i det uendelege om han kjøpte to eksemplar av same plata. Når breaket var ferdig på den eine platespelaren, starta han breaket igjen på den andre platespelaren. Dette trikset har hatt alt å seie for alt som har kome av hip-hop, house, techno og anna moderne dansemusikk seinare.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit anna triks som fort vart populært, var å bruke ein mikrofon så DJ-en kunne kommunisere direkte med publikum. Han kunne oppfordre folk til å danse, og få dei til å svare på tilrop — «say hey-ho!» Denne funksjonen vart så viktig at fleire DJ-ar fekk seg ein fast MC (master of ceremonies) som kunne halde kontakten med publikum. Dette var altså starten for rapparen; han begynte som ein assistent for DJ-en.

Me menneske likar å høyre menneskestemma i musikk, sjølv når stemma seier fjollete ting som «I said a hip hop, the hippie the hippie to the hip hip hop and you don't stop. The rock it to the bang bang boogie, say up jump the boogie to the rhythm of the boogie, the beat». Desse orda betyr svært lite, men det er lyden av menneske, og det er eit perkusjonsinstrument — to ting som tiltrekker oss. Det er kanskje ikkje så rart, for dette er det fyrste alle høyrer; allereie før me er fødde høyrer me mors stemme og hjarteslag.

Det var The Sugarhill Gang som fekk æra av å gi ut den fyrste raphitten, «Rapper's delight» i 1979. Som det så ofte skjer, var det eit plateselskap som såg moglegheita for å ta denne undergrunnsmusikken inn i studio og tene pengar på han. The Sugarhill Gang var i praksis eit boyband, sett i hop av sjefen i plateselskapet, Sylvia Robinson. Den eine av dei tre rapparane var ikkje eingong rappar, og hadde knabba rima frå sin ven, Grandmaster Caz. «Rapper's delight» fungerer den dag i dag, men kanskje mest på grunn av kompet, den gode stemninga, og låtens historie, for Wonder Mike, Master Gee og Big Bank Hank var ikkje dei stødigaste rapparane i byen.

The Funky Four Plus One var stødigare. Dei var moglegvis den aller fyrste rapgruppa, danna i 1976, så dei kunne greiene sine då dei gjekk i studio i 1979 og spelte inn «Rapping and rocking the house». Året etter vart dei òg ein del av Sugar Hill Records, og gav ut den minst like fantastiske singelen «That's the joint». Dei fekk aldri laga eit album, berre eit par singlar til litt seinare. I dag er dei stort sett gløymde, men dei var viktige i samtida, og dei var den fyrste hip-hopgruppa som spelte på live TV (Saturday Night Live, 14. februar 1981).

I gruppa var det fem rapparar; fire menn og éi kvinne, derav namnet. Den unge kvinna kalla seg MC Sha-Rock, og var i mine øyrer den beste av dei alle. Ho har ei enormt frisk og god stemme, stor personlegdom, og ho har eit flow som både er stødig, myndig og leikande. Som i dei andre samtidige låtane, er tekstane ei blanding av skryt (både av seg sjølv, dei andre rapparane i gruppa og dei to DJ-ane som var med), gjentakingar av ymse regler (gjerne med mykje bokstavrim), og snakking om dansing — do the ditt og do the datt.

MC Sha-Rock var ikkje berre den fyrste kvinnelege rapparen, ho var òg ein av dei aller beste på denne tida, og ho var stor nok i kjeften til å battle Grandmaster Flash and the Furious Five. Men ho er sørgeleg oversett i dag, kanskje mest fordi ho laga så få låtar.

Låtane på denne tida var som regel utan refreng, og kunne lett vare i over ti minutt, noko som igjen understrekar at dette er brukskunst: Det er laga for dans, ikkje for å passe inn i eit radioformat. Basslinjer, rytmar og melodiar vart som oftast knabba frå kjende funk- og discolåtar. Det var nemleg desse låtane rapparane var vane med å rappe over på festane. «Rapping and rocking the house» (som på den originale singelplata varer i 16 minutt!) er ei gjeninnspeling/tolking av Cheryl Lynns «Got to be real», og på «That's the joint» brukte dei «Rescue me» av A Taste Of Honey. I hip-hop, som i stort sett alle andre former for folkemusikk, har det frå starten vore vanleg å bruke andre sine riff, rytmar og melodiar.

Mange grupper hadde til og med innøvde synkrone dansar! Sjå her, tøffingen Dr. Dre og hans fyrste gruppe, World Class Wreckin' Cru, i Los Angeles så seint som midten av åttitalet.

Det er vanleg å trekke fram den jamaicanske dancehallen som ein viktig inspirasjon for rapmusikken, og igjen har nok DJ Kool Herc og hans bagasje frå heimlandet vore avgjerande. Likskapen med dancehall er spesielt tydeleg i desse fyrste raplåtane. Me høyrer det i den utstrakte bruken av faste remser og rutinar, og, ikkje minst, i det me kan kalle ein «kommersiell» eller berre svært publikumsvenleg tilgang: Det handlar heile tida om å vinne publikum; få dei til å sleppe seg lause og danse, for ein kvar pris.

Me har vore innom det eit par gongar før i denne spalta; forfedrane og røtene til rap er mange, og kan diskuterast i det uendelege. Men éin ting er sikkert: Jordmødrene for rapparen var DJ-en og folket som dansa. Etterkvart som det vart meir og meir fokus på rapparen, glei DJ-en inn i bakgrunnen, og no til dags er det få nye hip-hopgrupper som har DJ i det heile tatt (og med DJ meiner eg då ein som kan å spele og manipulere fysiske plater laga av vinyl).

I dag er rapmusikk enormt breitt, og det er flott: Me har gangsta rap, artsy rap, vittig rap, filosofisk rap, politisk rap, me har til og med folk som syng med autotune og kallar det rap. Rap kan vere nesten kva som helst i dag, men alt begynte altså med desse kunsthandverkarane, desse assistentane til DJ-en som sa banale rim i mikrofonen for å få folk til å danse — on and on, and on on and on.

For kva ny generasjon eller bølgje som har kome i denne kulturen, har det kome nye meiningar og påstandar om kva som eigentleg er ekte og skikkeleg hip-hop. Men om ein verkeleg meiner at det er ein kvalitet i seg sjølv å vere så opphavleg hip-hop som mogleg, å halde det så ekte som mogleg, då er det sjølvsagt berre éin ting å gjere: Drive skamlaust publikumsfrieri, spele disco og rappe barneregler om å danse. Eg berre nemner det.