«Død og liv har like mykje samanheng som motsetningar. Underet er at vi lever og opplever det.»

Bjørn er oktoberpoeten.

(Dagbladet): - Eg er kjempenøgd og svært stolt, seier Bjørn Amdal om at han frå oktoberutvalet, under pseudonymet Bodil Klausen, er kåra til månadens poet i Diktkammeret.

— Eg veit det er mange som skriv, og fleire gode pennar her inne, og difor er eg svært tilfreds med å nå heilt opp, seier han.

- Kva ligg bak dette diktet, «Utan tittel» (nede til høgre)?

- Livet er kort og sårbart, og grunntanken eller kjerneinnhaldet ligg der heile tida, som ein del av erkjenninga og mitt møte med menneske og sjølve det å leve.

- Korleis starta det, og korleis jobba du med det? Mykje redigering?

- Eg er usikker sikker på korleis det starta. Redigeringa er viktig, og står for minst 60 prosent av tida eg har nytta. Det er bygd opp av seks liner, der to og to høyrer saman.

- For meg har det ein fot i graven («mold i munnen») og ein i frøet, eller livets byrjing («beina dine er nyplanta»).

- Det er heilt rett. Livet er så kort at viss tida opphører, så er vi allereie døde. Og døden og livet er kanskje ikkje berre to motsetningar i ein klassisk dualistisk tankegang. Død og liv har like mykje samanheng som motsetningar. Underet er at vi lever og opplever det. At dei to linjene står så nær understreker denne tanken.

Verkeleg — og vidope
Openhjartig fortel Bjørn om korleis diktet knyter seg tett til røynda han lev i:

- I om lag to år har eg levd med ein kreftdiagnose, og difor har diktet fått spesiell meining. Dette diktet er ikkje skrive for å skildre min situasjon, men rommar likevel det eg no opplever. Diktet er klokare enn diktaren! Poesien er svært viktig for meg, og nett no er det kjærleiken frå familie, slekt og vener og poesien som held meg oppe.

OPENHJARTIG: Bjørn Amdal har i om lag to år levd med ein kreftdiagnose. - Difor har diktet fått spesiell meining. Dette diktet er ikkje skrive for å skildre min situasjon, men rommar likevel det eg no opplever, fortel han.
OPENHJARTIG: Bjørn Amdal har i om lag to år levd med ein kreftdiagnose. - Difor har diktet fått spesiell meining. Dette diktet er ikkje skrive for å skildre min situasjon, men rommar likevel det eg no opplever, fortel han. Vis mer

Og her må vi stoppe opp — slik «du»-et i diktet òg stoppar opp — og puste og sende ei tanke eller tre til oktoberpoeten. Før vi går tilbake til diktet:

- Kvifor står «du» stille i dette diktet?

- Eg har stoppa opp — meir i ein tanke enn i eit rom. Det handlar ikkje om å finne ro, meir det å kvile i ei erkjenning som gir meining. Tida og subjektet for denne erkjenninga opphører, og det er i dette rommet diktet oppstår og lever.

- Kven er dette «du»-et? Det vesle mennesket i den store samanhengen?

- «Du»-et og «vi» er noko underordna. Diktet er vidope og kan tolkast på mange måtar. Som sagt er diktet er klokare enn diktaren. Eg har gitt oss eit bilete — vi kan ta det innover oss, eller stenge av.

Saks eller motorsag
Bjørn Amdal blei månadens poet sist i november 2009. «Eg likar ikkje glasur eller pynt i nokon dikt — det er ikkje min stil», sa han den gongen — og fortalde òg at han jobba med eit manus. Fem år seinare trudde juryen det var ein debutant ei hadde med å gjere.

- Kvifor «Bodil Klausen»?

- Det var tilfeldig denne gongen. «Merete Arntsen» kunne det vore. Andre nick er derimot ikkje tilfeldige. Wahler, til dømes, har ein klar identitet. Einstøing, sær og ein stor grublar.

- Korleis går det med bokplanane?

- Det går i rykk og napp. Eg vil leggje inn eit støt no før jul. Har 2400 dikt, og vil ende opp med 40—60. Då nyttar eg ikkje berre viskeler, men mest saks eller motorsag.

- Du har to barn som skriv (Svanhild og Helge Sigurd, som begge har blitt månadens poet i Skolekammeret). Korleis har det blitt sånn? Har de alltid vore ein litterær heim?
 
- Dei er nok inspirert og noko arveleg belasta. Nokre fellestrekk er det, men dei er knallharde kritikarar og dei har absolutt sin eigen stil. Begge imponerer meg. Eg veit ikkje om vi kan kalle oss ein litterær familie, men kona mi har lese og fortalt mykje for ungane. Dei har også ein morfar som kan mange segner og historier her frå Vest-Telemark, og han har fortalt desse til alle barnebarna.

- Familiar er svært ulike: I familien til ein venn av meg, blei ein som sat med bok aldri forstyrra, i min familie vil nokon nesten alltid snakke til ein som sit og les. Kor på denne skalaen var din familie?

- Eg skriv meir enn eg les. I den familien eg voks opp i, kunne respekten for den lesande vore betre.

Fortel månadens poet, og vi våger håpe det er ein helsebringande siger — og feirar han med juryens kommentar:

Døden finst i alt som byrjar og blir til
Å vera medviten dette at all byrjing ber i seg ein slutt. Dette er eit så grunnleggjande element i diktinga gjennom litteratursoga, at det kan kjennast keisamt å terpa på. Men dette medvitet er så sterkt knytt til den verkelege opplevinga av augeblinken og det flyktige ved tilværet at det står der som ein taus medvandrar, sjølv om det ikkje er nemnt i dikta. Du stoppar opp. Du står stille. Du vil vera her.

Ja. Der byrjar det heile. Ein kjenner at ein er til, og ein vil fanga det, halda det fast. Der byrjar så mange dikt; ved at merksemda vert retta mot nåtida, mot eit nådens sekund av opplevd liv. Me fyllest av det som er her nå. Diktet oppstår ofte som eit slags overtrykksfenomen; me må få sagt noko om denne intense opplevinga av å vera til. Kontrastar er det mest verknadsfulle verktøyet til å få fram ein eigenskap verd erfaringa; det flyktige og sårbart spirande livsfrøet, den organiske byggesteinen, vert sett opp mot død og æve. Men eigentleg ligg det i korta. Ved å halda fast det flyktige, døyr det. Ved å låsa livets skiftande endringar i diktets linjer, kverv dei.

I månadens dikt skapar poeten Bodil Klausen ein syntese av alt dette. Her vert bein planta i mold. Vårvind gjennom i grind i gjerdet kunne vore eit tradisjonelt norsk naturlyrikkbilde. Her er det vårvind i beingrind. Poeten spelar på mange understrenger og det kling gjennom marg og bein. Alitterasjonar som "mold i munnen" skapar samanheng og knyter diktet tett om sitt sterke innhald. Me kan koma til å tenkja på at midt inne i skjelettet si harde ryggrad går mjuke nervetrådane som lar oss kjenne når me kjærteiknar kvarandre. Diktet er knapt, fortetta og ope. Om det handlar om ein som er død, eller om det handlar om det at ein veit at døden finst i alt som byrjar og blir til, det er opp til deg og det du treng å lesa. 

For juryen,
Helge Torvund

DIKT I DAGBLADET Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladets diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er forumet for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Torvund, Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladet (med forbehold om lengde). Én finalist fra hvert forum blir også kåret til månedens poet.
• Les også: Helge Torvunds leksjoner

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange kammerpoeter har etter hvert debutert i bokform, og det er laget tre bøker om og av kammerne:
«Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund (Samlaget 2001)
«Faen ta tyngdekrafta. Vinnere fra videregående» (Gyldendal 2008)
«Å våga seg ut i ord — Diktkammeret ti år»: jubileumsutgave (Samlaget 2011)