Døden som kjærtegn

Ein original 80-åring skriv både konvensjonelt og provoserande.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: «Er ikke døden et kjærtegn» står det i den nye boka til Arnold Eidslott med den vakre tittelen «Lyset fra Bach». Når avisene samstundes møter oss med historier om bomber som sprengjer i lufta hus fulle av sivile, er dette kanskje den mest provoserande linja i boka.

Musikk, og ikkje minst Bach sin musikk, har me møtt før i Eidslott sine dikt. Men i denne diktsamlinga er Bach eit gjennomgangstema. Eidslott nyttar fine sitat frå Paul Hindemith og cellisten Pablo Casals, og lar satsar frå «Sonate für Violine und Cembalo Nr. I, IV og V» vera lydspor til dei tre bolkane i samlinga.

Overveldande

Det er noko overveldande ved Eidslott. Nå er han 80 år, og har sidan debuten med «Vinden taler til den døve» i 1953, levert omfattande samlingar med dikt annakvar og tredjekvar år heilt fram til nå. Han har utvikla sin eigen stil, der visse dikt er haldne så trufast i den norske kristne dikttradisjonen at kan nyttast som salmar, og nokre av dei vert noko manierte og gjentakande rituelle, slik at den messande sida overskuggar den poetiske.

Men han har også gjeve sterke bidrag til fornying av den kristne lyrikken, med ein djupfølt tillitt og ein mørk desperasjon som grip og skakar oss.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer