Dødslengten i «Bygmester Solness»

I sitt mest sjølvbiografiske skodespel, «Bygmester Solness» augnar vi ein dødslengt: Solness vil døy for å få bukt med det trollet som har umenneskeleggjort kunstnaren i han.

DEN IDEALISTISKE, unge Ibsen ville gjerne opp på viddene for å koma vekk frå det bundne livet og heller vera fri som kunstnar. Men i sine siste stykke tek han eit oppgjer med dette valet, og det ser vi tydeleg i «Bygmester Solness». At Solness har mykje av han sjølv, har han uttalt seg om, og den unge venninna hans, Emilie Bardach, seier det er lite i Solness som ikkje er Henrik Ibsen. Solness er eigenleg arkitekt som teiknar og byggjer kyrkjer. Dette byggjesymbolet viser til ynskjet om sjølvrealisering som kunstnar. Men så kjem sjølvoppgjeret, og han vil heller byggje hus for menneske. Likevel skal det nye huset som han byggjer for seg og Aline også ha spir og tårn. Dette syner at kunstnartrollet i han har fått for stor makt allereide; det er for seint å fri seg frå det. Han er ikkje i stand til å byggje vanlege hus, som då symboliserer å ha omsorg for kona, sleppe ungdomen til og vera noko for sine medmenneske. Rett nok er Solness usympatisk, men det sympatiske er likevel at han har vilje til å gjera noko med det. Han vil drepa trollet i seg, men innser at det er blitt ein så stor del av han sjølv at han må ofre livet for å lykkast med det. I grunnen ikkje ein umogleg tanke for ein kunstnar, som eigenleg må ofre alt, også livet, for at kunsten skal bli evig.

Artikkelen fortsetter under annonsen

SKAL EIN DREPA eit troll, er det enklast å få det ut i dagslyset og late det sprekke. Med namnet «Solness» har Ibsen gjeve til kjenne at her er ein person som står i forhold til sola. I stykket er det den unge og ville jenta Hilde som blir sola, for Solness seier: «Når jeg ser på Dem, - da er det som jeg så imot soloppgangen.» Men det reint fysiske drapet må nok skje ved at byggmeisteren - og trollet i han - dett ned og slår seg i hel. Frå Tyskland og Noreg har nok Ibsen høyrt segner om troll som byggmeister, og som dett ned frå kyrkjetårnet og slår seg i hel. Ibsen var truleg aldri i Seljord, men han var likevel godt kjend med tradisjonskulturen frå Vest-Telemark. Han hadde stor appetitt på soger, og mykje må han ha fått frå mor si, Marichen. Som ung jente tente ho hjå futen i Kviteseid og må ha fått med seg levande segnstoff frå distriktet. Oljemåling var ei av Ibsens store interesser. I det faget hadde han ein Mandt frå Vest-Telemark som lærar. Truleg har det ført til inntrykk som har festa seg hjå unge Henrik. Dessutan kom Andreas Faye ut med si «Norske Folkesagn» i 1833 og Jørgen Moe med sine folkeviser i 1840. Naturleg nok var desse bøkene godt merkte av Telemark-tradisjonen, og dei var på ingen måte ukjende for Henrik Ibsen. Han skriv i brev til venen Ole Schulerud (1850): «Et par Sagn og Skildringer fra Telemarken har jeg benyttet til nogle mindre Digte, afpassede efter bekendte Folkemelodier, og har saaledes ogsaa forsøgt mig i national Retning».

VIKTIGSTE KJELDA når det gjeld Seljord-stoff er likevel seljordingen Svein Sveinsson Utgarden f. 1799 frå plassen Viken ved Seljordsvatnet. Han fekk utflyttingsattest av Landstad 19. mai 1837 og busette seg i Grimstad. Der kalla dei han Svein Fjellmann, og han arbeidde på apoteket med reinhald av flasker og glas. Såleis kom det til eit nært vennskap mellom han og Henrik i den tida Henrik var apotekarlærling (1844-1850). Svein var ein god sogeforteljar, og dei hadde lange spaserturar saman til Fjære kirke. Då han var død, skreiv Ibsen eit dikt til han. Ei av dei mest fortalte segnene i Seljord er om trollet som budde i Bringsås, like ved kyrkja. Han var nærmast ein tusse og heitte Skåne. God byggmeister var han, og etter forhandlingar med St. Olav skulle han byggje Seljordskyrkja. Løn for arbeidet skulle han i utgangspunktet ikkje ha, men St. Olav kunne no finne ut namnet hans. Klarte han ikkje det, skulle tussen få sol, måne og St. Olavs hovud. Då kyrkja var nære på ferdig, gjekk han fortvila framom Bringsås. Men så høyrde han at det song i berget: Byssan, byssan bånetI morgon kjeme Skånemed sol og med månemed heilag Olavs hovudtil leike for bånet. Då sprang St. Olav ned til kyrkja og ropa opp til tussen, som nett skulle setja fløya på tårnet:«No må du kvelde, Skåne». Med ein gong tussen høyrde namnet sitt, datt han ned og slo seg i hel. Men den dag i dag kan du på nordsida av kyrkja sjå kvar han datt ned, for der er det eit søkk i grasvollen som det ikkje vil vekse gras i. Der har det runne tusseblod!

DENNE SEGNA høyrde nok Ibsen av Svein Fjellmann, og ho må ha gjort inntrykk for i 1865 skreiv han diktet «En kirke» med utgangspunkt i eit dikt frå 1849/50. Kongen har byggetdagen lang.Når natten skyggetkom trollet og ryggetmed spid og stang.Så reistes kirkentil spirets pilmen kongens virkenog trollets lirkenga dobbelt stil. At eit troll ynskjer seg sola som vederlag, kan vera noko underleg. Men det kan jo hende at Ibsen også såg ein dødslengt hjå tussen/trollet. Og lenka til namnet «Solness» blir då enno tydelegare. Liksom trollet Skåne er på toppen av tårnet når St. Olav ropar til han, så er også Solness på toppen av huset med tårn og spir når Hilde ropar: «Hurra for bygmester Solness», noko som fører til at han dett ned og slår seg i hel. Men før ho ropar, høyrer ho at Solness trettar med nokon; trollet i han var altså i ferd med å materialisere seg!

VIGDIS FINNBOGADOTTIR var i Seljord for nokre år sidan og fekk høyre om dette. Ho dreiv då med Ibsen-forsking og reagerte på at vi i Noreg var så redde for å utnytte Ibsen-biografien; det har liksom høgare status å fortolke Ibsen enn å gå i fotspora. Såleis finst det islandske pakketurar til Snorres Reykholt, og likeins til Shakespeares Stratford-upon-Avon, men utlendingar kan ikkje kjøpe seg pakketur til Ibsen-stadene i Noreg. Så no er det på tide at Innovasjon Norge får midlar til å presentere pakketurar som går til Arbins gate i Oslo, Venstøp i Skien og apoteket i Grimstad. Og kvifor ikkje få med Seljord og dødsflekken til trollet i den pakka?