Dømt til nederlag?

NYNORSKMANNEN: Marte Michelet identifiserer 23. august «Den sinte Nynorskmannen», undergruppe av Enzensbergers «Den radikale taparen». Den har særleg utmerka seg med kritiske merknader til kjønnssamansetjinga på Dagbladet sine årvisse lister over «Norges 25 fremste forfattarar», m.v.Dersom Michelet hadde vore endå betre historisk skolert, ville ho ha visst at det er ei heilt anna gruppe enn nynorskmennene som har hatt ord for å vere spesielt sinna. Abbed Konrad av Marchtal identifiserte den gruppa, alt på 1100-talet: «Vi, og heile samfunnet vårt av kannikar, erkjenner at kvinnene sin vondskap er større enn all annan vondskap i verda, og at der finst ingen harme lik kvinneharmen, og at ormegift og drakegift er mindre fårleg for menn enn omgang med kvinner.» Dersom vi nynorskmenn er spesielt sinna, skulle vi då vere komne i det aller beste selskap, feministisk sett?

MICHELET KLANDRAR underskrivne særskilt for å halde fram at tradisjonelle kjønnsroller og andre strukturelle samfunnstilhøve ofte har hindra kvinner frå å kvalifisere seg på linje med menn. Dette hovudspørsmålet i diskusjonane kan bli endå meir pedagogisk opplyst, ved at Dagbladet dei komande somrane nominerer: 1. Norges ti fremste matematikarar. 2. Norges ti fremste hærførarar. 3. Norges ti fremste jagarflygarar. 4. Norges ti fremste skiflygarar.Kanskje det då vil demre, også for Michelet, at dersom der er få kvinner på listene, så har det noko med kjønnsroller og samfunnsstruktur å gjere? Men etter mønsteret i \'debattane\' hittil, skulle Michelet og likesinna forlange fem kvinner på kvar av desse listene?«Feminist» er etter den faglege definisjonen «den som forklårar kvinnene sin posisjon ut frå samfunnsstrukturelle tilhøve». (T.d. Pax leksikon.) «Kvinnepatriot» er derimot den som berre står på det som ho/han oppfattar som kvinneinteresser, utan at andre mentale prosessar enn dei emosjonelle treng vere aktivert. Så vidt eg ser, er underskrivne fagleg sett feminist, Michelet berre ein nokså sinna kvinnepatriot.Aggresjon, sinne, forklårar psykologien så vidt eg veit ved undertrykking, fridomsberøving. Det kan difor komme fram ein fruktbar tanke, dersom vi kombinerer Marte Michelet med abbed Konrad av Marchtal: Både nynorskmenn og kvinner har vore sinna, ut frå strukturell undertrykking. Nynorskmenn og (seriøse) feministar burde difor lage ein allianse til forandring av strukturen? (Å forlange fem kvinner på listene alt no over Norges ti fremste generalar, matematikarar, mv., kan derimot berre verke tilslørande, konservativt, reaksjonært, kvinnefiendtleg, skulle eg tru?)

ER DETTE framleis vanskeleg å forstå? Dersom nynorskforfattarar og (seriøse) feministar er dømde til varig nederlag, må det berre vere ut frå den pessimistiske påstanden at der finst fenomen som «selv gudene kjemper forgjeves» mot?