Sidan kommentarfeltet kjem til å gå heilt av hengslene dersom eg hevdar at den sittande amerikanske presidenten er betre enn våre eigen monark, lat meg først vere klinkande klar:
Kong Harald er milevis betre enn president Trump. Dersom du tek vekk namna og let tittelen stå, derimot, er saka eit heilt anna:
President slår konge.
29. januar stemte Stortinget over framtida til monarkiet for 13. gong. Heller ikkje denne gongen gjekk forslaget gjennom, men med 36 av 169 representantar som stemte for å avskaffe kongehuset var oppslutninga rekordhøg.
Likevel burde den vore høgare.
Som eit moderne egalitært samfunn er Noreg på mange måtar eit hyklerisk samfunn. «Alle er like mykje verdt» er eit mantra vi kan høyre både på skulen og på heimebane. Eit godt mantra.
«Alle er like mykje verdt...» seier vi til borna våre, men ved å støtte monarkiet legg vi til eit stumt «... med unntak av kongefamilien, som er meir verdt enn resten.» For det herskar liten tvil om at medlemmane av kongefamilien er heva over resten av oss. Dei har høgare status, dei vert behandla annleis og dei «fortenar» eit heilt anna nivå med respekt.
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger