KAPITAL: For å få tak på fenomenet The Donald, må ein sjå han som businessmann og teflonaktig marknadsførar av seg sjøl. Foto: AFP / NTB Scanpix
KAPITAL: For å få tak på fenomenet The Donald, må ein sjå han som businessmann og teflonaktig marknadsførar av seg sjøl. Foto: AFP / NTB ScanpixVis mer

Donald Trump må børsta håret før Republikanarane sluker han

Politisk revolusjon.

Kommentar

DENNE VEKA har spalteskrivaren prøvd å finna ut kordan det står til med demokratiet i Amerika. Det er like interessant og forvirrande som det var for Alexis de Tocqueville for dryge 150 år sida. Det står definitivt til liv, både lokalt og nasjonalt, men det er eit underlig liv, eit liv á lá reality show.

DET MESTE SPINN rundt Donald Trump. Hans politiske kapital er at han står utanfor det politiske etablissementet, men han har mye lågkulturell og økonomisk kapital. For å få tak på fenomenet The Donald, må ein sjå han som businessmann og teflonaktig marknadsførar av seg sjøl. Ein slags politisert Petter Stordalen, eller Høgres prøvekanin, mangepolfararen Erling Kagge, på speed.

LENGE HÅPTE det republikanske partiet med Sinclair Lewis: «It can’t happen here». Nå som GOP har måtta innsjå at dei må sluka Donald Trump, prøver dei i det minste å få han til å børsta håret og endra tone og stil. Mange er letta over at presidentkandidaten er ein kynisk og skruppellaus pragmatikar; det hadde vore verre med ein fundamentalistisk korsfarar som Ted Cruz.

THE DONALD er stadig a work in progress. Han har satsa på unpredictability som doktrine, men det er forutsigelig at han blir mindre uforutsigbar når han skal gjenoppfinna seg sjøl som same same, but different. Han skal ha slutta å tafsa på unge kvinner. Han har ete tacos - rett nok med kniv og gaffel, for å visa at han også vil vera meksikanarane sin president. Nå seier han at det han tidligare har sagt, har vore forslag og prøveballongar. Han står i tradisjonen etter Groucho Marx: Eg har mine prinsipp, men om dere ikkje liker dei, så har eg andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

HILLARY CLINTON lovar veljarane two for the price of one: Ho skal temma Bill Clinton som arbeidshest for å skapa jobbar. Ho har prøvd seg med småfrekke morsomheter, men det fell ikkje heldig ut, for ho er og blir ein pratemaskin med politolekt frå Washington DC. Ho er ein sterkt mislikt insider når det er etterspørsel etter outsiders. Men det skal ho ha: Ho smiler like konstant og hjertelig som Sylvi Listhaug.

UNGDOMSKANDIDATEN Bernie Sanders (74) har klart det umulige med sin politiske revolusjon: Å gjera sosialisme til giftfri retorikk i amerikansk politikk, som begrep for omtrent alt til venstre for Kristin Clemet og Fremskrittspartiets parlamentariske førar Harald T. Nesvik.

BERNIE er ein humørlaus alvorsmann. Ikkje eingong i sigerstalar drar han på smilebandet, og når han er så uheldig at han ikkje klarer å la vera, framstår det som eit skummelt grin. Men ein ting skal han ha: Han har eit kroppsspråk som gjer han til ein utmerket dirigent for eit uryddig ungdomskorps. Han agerer som då partisekretær Martin Kolberg let det swinga og brukte armen til sitt kraftfulle «fagbevegelsen, faaagbevegelesen, faggbevegelsen».

DET KAN FAKTISK enda med Donald J Trump som commander-in-chief. Ettersom det stadig er ulovlig å fornærma utanlandske statsoverhovud, kan det bli mye å gjera for norske og tyske regjeringsadvokatar om dei må hanskast med eit stort og fornærmbart ego som Trumps - i tillegg til Sultan Erdogan.