Dørums ord og handling

DNA-REGISTER: Politiets Fellesforbund er svært glad for justisministar Storberget sitt arbeid når det gjeld bruk av DNA i straffesaker. Etter vårt syn er det klokt å setta grensa for registrering ved fengsel utan vilkår, så kan ein regulera ut einskilde ting med ein forskrift.DNA kan verta eit svært godt verkemiddel i kampen mot kriminalitet, både vinnings- og valdskriminalitet. Men etter Politiets Fellesforbund sitt syn er ikkje dette berre eit godt verkemiddel for å oppklara kriminalitet, det vil også ha ein førebyggjande effekt.

ODD EINAR DØRUM har eit svært viktig poeng i sitt innlegg i Dagbladet denne veka: Det viktigaste er talet på politifolk og ressursar til å rykka ut på åstaden og sikra spor. Heller ikkje i framtida vil spora sjølv spasera inn på politistasjonane. I dag er det eit stort problem at politiet ikkje reiser ut i samband med vinningskriminalitet og sikrar spor, eller at dei ikkje har pengar til å analysera dei spora dei får sikra. Difor er det i tillegg til nok politifolk, avgjerande at Storberget sikrar sentral finansiering av DNA prosjektet. Og det er ikkje minst viktig at han sikrar nye friske pengar øyremerka til dette.Det er bra at Dørum er oppteken av ein bemanningsplan. Det var Politiets Fellesforbund også den gongen Dørum var justisministar for berre 15 månader sidan. Men då var ikkje Dørum lika oppteken av det, sjølv om det rett nok vart ei auke i talet på studentar heilt på tampen av ministerperioden hans. Det er ofte rart å sjå den enorme viljen til å løysa viktige ting når politikarane er i opposisjon i høve til når dei set i posisjonar til å løysa det same.

POLITIETS Fellesforbund er svært glad for at Storberget har sikra det største opptaket på Politihøgskulen på mange år, med 432 nye studentar frå hausten 2007. Men me treng endå fleire for å dekka opp avgangen, kriminalitetsutfordringane og at også politiet kan få koma inn under arbeidsmiljølova sine reglar for arbeidstid. Difor er det, som Dørum skriv, viktig at ein no lagar ein langsiktig og ambisiøs bemanningsplan for både sivile-, politi- og juriststillingar i politiet, som det er lova i Soria Moria-erklæringa. Ettersom Dørum ikkje greidde det, håpar eg at Storberget kan levera dette medan han er justisministar.