NYTT RIKE: Petter Stordalen dagdrømmer om en norsk-svensk union. Foreningen Norden i Oslo følger opp i denne kronikken. Foto: Drago Prvulovic / TT / NTB Scanpix
<div>&nbsp;<div><br></div></div>
NYTT RIKE: Petter Stordalen dagdrømmer om en norsk-svensk union. Foreningen Norden i Oslo følger opp i denne kronikken. Foto: Drago Prvulovic / TT / NTB Scanpix
 

Vis mer

Draumen om Svorge - draumen om Norden

Det er ingen region i verda som har så tett samarbeid som Norden.

Meninger

Dagbladet og Petter Stordalen drøymer om superlandet Svorge (8. juni 2016). Det er ein fin draum, men er den realistisk - eller er det berre talemåtar får dei to nasjonaldagane 17. mai og 6. juni?

Det er mange av oss som meiner at unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige i 1905 var ei tabbe. I same artikkelen i Dagbladet seier professor Tor Ivar Hansen ved NTNU at dette er ein draum frå nasjonalromantikkens tid på 17- og 1800-talet. - «Som politisk maktbevegelse er det definitivt over. Skandinavisk samarbeid er først og fremst et festtalefenomen fra politisk hold.»

Steindaud er ikkje draumen om Norden. På landsmøtet til Foreningen Norden i Halden i juni 2016 blei det vedteke som mål for abeidet mellom anna: «…I samarbeid med med nasjonale og nordiske organisasjoner og myndigheter vil foreningen bidra til å sette større fokus på Norden, og skape større forståelse for de muligheter som ligger i et forpliktende samarbeid i en nordisk forbundsstat. Sammem kan vi i Norden skape den mest nyskapende og dynamiske region i verden».

Denne formuleringa blei vedteken på landsmøtet i 2012. Stortingspresident Olemic Thommessen har vore president i Foreningen Norden i desse åra og gjekk av etter seks år på landsmøtet i Halden i juni år. Draumen om Norden er altså ikkje død, ikkje ein gong hos stortingspresidenten.

Forbundsstat har vi hatt i Norden før med Kalmarunionen frå 1397 til 1523. Unionen omfatta Danmark, Sverige og Noreg. Delar av Finland sto under svensk herredøme. Grønland, Island og Færøyane var norsk skatteland og Orknøyane og Shetland var norske jarledøme. Unionen gjekk i oppløysing på grunn av rivingar og maktkamp mellom adel og stormenn, og fleire av dei påtenkte monarkane døydde. Kalmarunionen er eit interessant kapitel i Nordens historie, og vi ser spor etter unionen i det svenske riksvåpenet «tre kronor».

Foreningen Norden har peika på Kalmarunionen som eit interessant prosjekt som vi bør sjå på, sjølv om det er stor avstand frå 1523 til 2016. Vi har hatt fleire unionar i Norden. Finland var under Sverige fram til 1809. Noreg var i unionen med Danmark i 400 år fram til 1814 slik også Island, Færøyane og Grønland var, og frå 1814 til 1905 var vi som kjent i union med Sverige. Det som er typisk for dei nordiske unionane er at dei har blitt avvikla med vedtak og avtaler, og ikkje gjennom krigar slik vi kjenner det frå Balkan og oppløysinga av Sovjetunionen.

Draumen om Norden er ein god draum. Det er ingen region i verda som har så tett samarbeid som Norden. Det er typisk at president Obama inviterte dei nordiske statsministrane som gruppe til Det kvite hus. Regionen Norden har ein strekt økonomi som vil plassere den på 9.-10. plass i verdssamanheng sjølv om det samla folketalet tilseier ei plassering lenger bak. Nordisk Råd, som blei oppretta i 1952, og politikarane i Norden har gjennomført ein passfri region og fri arbeidsmarknad fleire ti-år før Schengen var påtenkt. Den økonomiske samarbeidet her er også tett, mellom anna med opprettinga av Nordiske investeringsbanken i 1976.

Næringslivet i Norden er konkurrentar, men her er også samarbeid. Den mest omfattande samarbeidsavtala, «Statoil-Volvo», gjekk i dass, men alt håp er ikkje ute. Det var trist. Det kunne kanskje ha hindra utflagging av Volvo og nedlegging av SAAB. Svensk-finsk industri samarbeider og det gjer også dansk-svensk landbruksindustri, og norsk-islandsk-dansk fiskerisamarbeid burde kunne gje vinst til alle. Telesamarbeid mellom Telenor og Telia har blitt prøva ut utan å lykkast. Men mange meiner det er potensiale her slik som det sikkert også er innanfor energiforsyning, miljø og data. Petter Stordalen er ein av fleire som har nordiske vyer som satsar på Norden som region og ikkje berre nasjonalt.

I kulturlivet er det mykje samarbeid, utveksling og felles bruk. Dei nordiske allmennkringkastingane har i over 60 år drive eit tett og omfattande samarbeid slik at Nordens stemme blir høyrt ute i verda og i EBU. Dette er tydeleg med alle programutvekslingane og samproduksjonane frå krim til litteratur- og naturprogram. Det er trist at den interne språkforståinga har blitt mindre slik at nordiske folk i større grad snakkar saman på engelsk. Men når det er sagt, så har vi vel aldri lese så mykje grannelandslitteratur som i dag. Knausgaard, Nesbø, Stieg Larsson, Arto Passilinna, Arnaldur Indridarson, Yrsa Sigurdardottir og Jette A. Kaarsbøl er alle saman med fleire andre nordiske forfattarar, og ikkje berre norske, svenske eller danske. Nordisk Råds Litteraturpris har i 50-60 år vist fellesskapet i nordisk litteratur.

Norden er medaljegrossistar på fleire områder. Dette såg ein tydleg i vinter. I dag er fotballen mest aktuell, og det er vel inga tvil om eit felles nordisk lag ville hevde seg godt både i EM og VM. Det same gjeld for handball både for kvinner og menn Slik kan vi ta for oss idrottsgrein etter idrottsgrein.

Det nordiske samarbeidet har vore sterkast etter den andre verdskrigen og fram mot vår tid. Dette samarbeidet har ikkje problemfritt. Det har melom annan samanheng med ulike alliansar i politikken. Noreg og Danmark har vore i Nato, Sverige har vore nøytrale og Finland har hatt Sovjetunionen som ein tung granne tett innpå seg. I seinare tid har vi også fått ulik tilknyting til EU. Trass i dette har det nordiske samarbeidet fungert nært og omfattande utan væpa konfliktar slik vi har opplevt i mange andre regionar. EU har litt å stri med blant sine medlemmer for tida. Dette har gjeve utslag i den annonserte foleavstemminga i Storbritannia 23.juni. I våre dagar kan vi oppleve at både svenske og finske politikarar snakkar om at det kan bli aktuelt å melde seg inn i Nato. Alt dette har ført til at det er endå fleire grunnar til å satse på Norden.

Dei nordiske statane sine nasjonaldagar som «riksdagar» eller «ting» også her er det mykje felles. Styringsformene er monarki eller republikkar. Norden har hatt felles monarkar før, og de må vel også kunna gå i framtida anten det no blir ein monark eller president.

Dei nordiske nasjonalsongane viser litt av haldninga til Norden. Danskane syng om det yndige landet, norskane syng «Ja, vi elsker dette landet» - men det svenskane syng er nærmast ei programerklæring - «Jag vil leva och jag vil dø i Norden».

Lik Dagbladet Meninger på Facebook