TÅPELEG VALKAMPUTSPEL FRÅ STØRE: Det hadde vore fint om me klarte oss gjennom valet til nasjonalforsamlinga, utan at politikarane våre degenererer til å bli tankelause valkampbots, skriv Morten Myksvoll. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
TÅPELEG VALKAMPUTSPEL FRÅ STØRE: Det hadde vore fint om me klarte oss gjennom valet til nasjonalforsamlinga, utan at politikarane våre degenererer til å bli tankelause valkampbots, skriv Morten Myksvoll. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixVis mer

Debatt: valg

Drep meg, Støre, men ikkje med fjas

Jonas Gahr Støre meiner at Solberg-regjeringa har brukt for mykje tid på små, ubetydelege saker, og slår difor eit slag for ein håplaust dårleg valkampretorikk. Me kan altså glede oss til valkampen.

Meninger

Foto: Morten Myksvoll
Foto: Morten Myksvoll Vis mer

Det er den berømte segwayen, lakrispipa, og vasskuteren som får gjennomgå. Rett nok er få like besatt av desse endringane som Ap-leiaren, men å late om om desse småsakene har definert Solberg-regjeringa er ei av årets mest klumsete finter.

Først må Støre bestemme seg. Meiner han at regjeringa er farleg for landet, fordi dei etter sigande raserer velferdsstaten, eller meiner han at dei har brukt all tida si på å legalisere krypdyr? Ja, det finst ein begrensa mengde ting ein kan få til over ein fire-årsperiode, men eit vaksent, oppegåande menneske kan ikkje, i fullt alvor, påstå at regjeringa har brukt særlig mykje tid på slike småsaker. Reformiveren har nemlig òg vore for stor i denne regjeringa, ifølge den same Støre. Bestem deg.

Når me først er inne på temaet vaksne og oppegåande menneske. Det hadde vore fint om me klarte oss gjennom valet til nasjonalforsamlinga, utan at politikarane våre degenererer til å bli tankelause valkampbots. Å late som om Ap stiller mot segway-regjeringa er eit døme på ei slik greie; eit retorisk poeng så blotta for innhald at det berre er trist. Det Støre eigentleg seier, er at han åtvarar mot å stemme på andre parti enn Arbeiderpartiet, for dei har andre prioriteringar enn Ap. For eit banebrytande nytt bodskap!

Det neste, som allereie har begynt å spreie seg – igjen – er denne håplause topartimodellen som mange legg opp til. At eit parti kan vere nødt til å samarbeide med eit anna parti, til dømes, er eit utslag av valordninga, stemmegivinga til folk, og behovet for eit fleirtal. Det er som oftast Venstre som vert utsatt for dette geniale grepet. Folk som føler eit behov for å påpeike at me har eit fleirpartisystem, og på den måten forsøke å råke til dømes Venstre, bør avfeiast som tankelause valkampbots. Dei er uinteressante. Valkampen ville blitt så mykje betre, kanskje substansiell, utan desse.

Eit tredje, er denne føljetongen om at me vil få ein skitten valkamp, for øvrig er det i seg sjølv eit bidrag i kategorien skitten valkamp. Dette er det stort sett Høgre og Ap som byttar på å smøre ut over mediabiletet. Eg har eit håp, og det er at me som synes valkamp faktisk er interessant skal sleppe å måtte lese oss gjennom slike håplause utspel som det Støre kom med her, og slik som mange andre som han kjem til å komme med gjennom valkampen. Dette er samtidig ei bøn til journalistane som skriv slike saker. Ikkje gjer det. Stopp opptakaren og slepp pennen når desse automatiserte, men meiningslause oppgulpa som aldri burde overlevd tidlegare valkampar, kjem. Me fortjener betre.

Sidan Støre er så opptatt av segway og sånt, så har eg eit råd. Legalisér slike småting, viss du får moglegheita. Hadde Ap vore smart, så hadde dei fjerna eit par tåpelege forbod då dei satt i regjering. Knekt den enkle retorikken som ein del på høgresida har brukt om tåpelege forbod. Gitt partiet sitt truverde til å faktisk regulere meir der dei meiner det er nødvendig. Men neida, det er dei visstnok for gode til. Me må kunne tilpasse lovverket litt, og ikkje behandle det som om det er heilagt og uforanderlig. Ja, det krever ressursar å endre ei lov for å la ei nyvinning bli lovleg, men det er då ikkje eit ideal å ikkje tillate nye ting?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.