Drepande medvitsløyse

BOKHANDLEREN: Dei offentlege åtaka på Shah Mohammed Rais sin personlegdom og kulturelle lyter er ikkje berre usmaklege, dei er også fullstendig usaklege.

Det er uheldig at debatten om Shah Mohammed Rais og Åsne Seierstad sine to forskjellige versjonar av førstnemnde sin familie og lokalsamfunn stadig sporar av. Det er vanskeleg å sjå kva motiv mellom andre forfattarane Anne B. Ragde og Tore Stubberud og legen Zorica Mitic har for sine lite flaterande personkarakteristikkar og motførestillingar mot å lytte til Rais. Det er ofte forfriskande med opprørte forfattarar og personar som ikkje går av vegen for å fortelje om sterke personlege erfaringar. Tekstar som stiller kritiske spørsmål er gjerne viktige tekstar. Dessutan er det som regel rettkome når nokon rykkar ut for å forsvare retten til, og verdien av, å ytre seg kritisk. Det handlar jo om demokratiske prinsipp, men dei same prinsippa må like sjølvsagt gjelde også for dei personane som sanningssøkande skribentar bringer inn i det offentlege lys.

SEIERSTAD GIR ikkje ut si framstilling av «et familiedrama» (undertittelen til Bokhandleren i Kabul) som fiksjon. Både i føreordet til boka og i ettertid har ho hevda at det ho skriv har hald i ein røyndom. Då er straks ei rekkje etiske problemstillingar aktuelle, og desse må ein diskutere i ein heilt annan kontekst enn om det same skulle vere utgitt som ei fiktiv forteljing. Når ein gjer krav på å fortelje ei «sanning» offentleg, om nokon annan, då er det ei sjølvfølgje at vedkomande som vert skildra har rett til å setje fram sin versjon av den same røyndomen. Journalistiske og akademiske retningslinjer, så vel som allmenn norsk folkeskikk (og sikkert også kabulsk folkeskikk som eg ikkje kjenner, men som eg vonar Seierstad har sett seg inn i), tilseier dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DEI OFFENTLEGE åtaka på Rais sin personlegdom og kulturelle lyter er difor ikkje berre usmaklege, dei er også fullstendig usaklege. Same korleis Rais måtte vere som person har han ein demokratisk rett til å setje fram sin versjon av «sanninga». Saka syner ein problematikk som meir reflekterte skribentar har vore uroa for gjennom generasjonar: Korleis framstille andre menneske (og samfunn og kulturar) slik at dei ikkje vert urettmessig skadelidande? Det er dette debatten bør dreie seg om. Rais bad aldri om få vere ei stemme i norske og vestlege offentlege rom før Seierstad førte hennar versjon av tilhøva i familien hans inn i desse romma. Anten ein trur på ei sanning eller på fleire sanningar, er ein i alle høve tent med å lytte til Rais, for å freiste å kome nærare forståingar både av ein kabulsk familie sitt liv og av kva følgjer det kan få å framstille sin eigen versjon av nokon annan offentleg.

SEIERSTAD SITT overtramp er sjølvsagt ikkje eineståande. Unyanserte egosentriske framstillingar av «den andre» har ei lang historie. Derimot var Seierstad særs uheldig når ho først skulle vere så vørdslaus, både fordi boka fekk så mykje merksemd og fordi Rais har vist seg å vere ein ressurssterk person som har lukkast med å gjere seg sett utanfor teksten trass i dei mangfaldige hindera han har møtt. Samstundes har boka sin popularitet auka faren for at Seierstad si framstilling får alvorlege følgjer for familien Rais. Kva som er den korrekt skildra røyndomen burde dermed verte overskugga av konsekvensar i levde liv.Diverre har ikkje så vore tilfelle i debattane som har gått føre seg i dagspressa. Dei levde liva har kome i skuggen av ufine personåtak. I staden for at saka har opna for ein brei prinsipiell debatt, har somme (medvite eller umedvite) verka som om dei skulle vore kunnige spin doctors frå PR-bransjen og flytta fokus vekk frå dei etiske implikasjonane saka openbart har.

DET BURDE IKKJE vere naudsynt å understreke at eg deler otta for kvinner sine levekår i ulike samfunn, og at også eg uroar meg for kva følgjer mangel på kritiske ytringar i det offentlege rom kan få. Jamvel finn eg det særs tankevekkande at ikkje fleire evnar å ta familien Rais sine reaksjonar og versjonar alvorleg. Når familiemedlemmar har hevda at framstillinga av dei i verste fall kan setje liva deira i fare, burde det ha ringt ei bjølle hjå fleire. For dersom familiemedlemmane har rett, kan utkoma av dramaet, snarare enn ei betring av afghanske kvinner sin situasjon, i yste konsekvens verte døden for personar som var lett attkjennelege i teksten allereie før dei sjølve gav seg til kjenne.

VERKEN SEIERSTAD, Cappelen, Ragde, Stubberud eller Mitic synest å ha reflektert særleg over dette. Det same gjeld naturlegvis også mange fleire som framfust framstiller andre levande menneske offentleg utan å ta innover seg kva følgjer dette kan få for dei same menneska, men som slepp unna det brysame søkjelyset anten fordi dei ikkje oppnår dei same salstala som Seierstad eller fordi dei som dei skildrar ikkje har ressursar til å gjere sine eigne forteljingar om seg sjølve kjente.Om ei sak er verdt å dø for er eit etisk dilemma som det ikkje burde vere opp til andre enn dei som risikerer livet å avgjere. Når umedviten aktløyse først gjer at slike situasjonar oppstår, kan det å gi rom for og lytte til forteljingane til dei det gjeld vere det som bergar ein frå tragedie.