KAISA AGLEN. Foto: Samlaget.
KAISA AGLEN. Foto: Samlaget.Vis mer

Dropar av inntrykk, punkt av erfaring

Fragmentariske glimt i gjennomført poetisk prosjekt.

ANMELDELSE: Paul Celan har sagt at eit dikt kan vera som ein flaskepost, kasta ut i den trua at den ein stad ein gong kan vaskast opp på land. Og så finnast, lesast og kanskje til og med forståast.

Den som skal lesa debutsamlinga til Kaisa Aglen «Kvar i kroppen sit ingenting» kan gjerne ta med seg nokre råd av poeten og kritikaren Edward Hirsch som tilrår folk å lesa dikt midt på natta, med bare ei lampe på når nokon søv attmed deg. Eller les dei høgt for deg sjølv når du er heilt aleine, lys vaken og det er stille morgon. For det er ikkje minst måten ein les på som avgjer kva ein får ut av ei bok som dette.

Ikkje «vanlege» dikt Aglen har eksperimentert med skriveforma og oppsettet. Her er ikkje «vanlege» dikt med tittel, byrjing og slutt. Her er fragment, linjer, dropar av inntrykk, punkt av erfaringar. Eg finn kroppsopplevingar, landskapssansingar, notid og minne, om årstider, erotikk og insektliv.
Eg lar meg fascinera av viljen til å prøva ut kva diktet, språket, teksten kan få sagt og uttrykt.
Ikkje alt er til å gripa med logisk og lineær tenking. 

mjølkeglatt iling  ,  kroppen  ,  morgon  ,  den dumpe lyden
av plommer som fell

Det er eit eige poetiske univers som talar og veks medan ein blar og les.  Mykje her er godt og vakkert, men her er meir enn nok av det råe og ambivalente, aningar av overmakt og avmakt, motstand og utmatting, til at det skapar spenning og energi i boka. Det er oppløftande at unge poetar kastar seg utpå på denne måten, i staden for å prøva å oppfylla nokre forventningar som svever over feltet og skriva seg opp mot desse.

Vil gjerne vita meir Samstundes kan ein nok sitja med ei kjensle av å villa ha meir, villa få vita meir når ein les «Kvar i kroppen sit ingenting». Og då er det kanskje greitt å minna seg sjølv nettopp om tittelen. Dikta leitar etter noko som ikkje er, men som representerer eit fråvær, det som vart borte. I leitinga på dette vert det lesaren sitt naturlege bidrag å tilføra den meininga som ikkje er uttalt, å skape heilskap og samanheng. Dermed vert boka ny for kvar lesar. Og sidene kan opna for nye syn: 

Dropar av inntrykk, punkt av erfaring

eller kor ung  ,  eg  ,  spør ,  kva det er som skubbar meg
frå verd til verd
 

Ei bok som skifter retning og sluttar utan å summera eller konkludera. Kajsa Aglen har sett i gang noko, og evna til å prikke inn bilete og stemningar, presist, om enn fragmentarisk, samt den stae viljen til å halda fast ved sitt eige prosjekt, skapar interesse for kva som måtte koma frå henne neste gong.

Anmeldelsen sto på trykk i Dagbladet 12.11.2012.