UTSØKT TAIMING: Jens P. Heyerdahl d.y,, her på møte i Den Polytekniske Forening i 2002 med foredrag om grådighetskulturen, holdninger og holdningsløshet i nærings- og samfunnsliv. Foto: Truls Brekke / Dagbladet
UTSØKT TAIMING: Jens P. Heyerdahl d.y,, her på møte i Den Polytekniske Forening i 2002 med foredrag om grådighetskulturen, holdninger og holdningsløshet i nærings- og samfunnsliv. Foto: Truls Brekke / DagbladetVis mer

Duften fra fordum

Sådan er den retoriske godhetskapitalismen.

Kommentar

DENNE HELGA er det homseparadar i alle regnbogens fargar. Dei som marsjerer, er stolte, men engstelige etter Orlando. Som det heiter frå den konstitusjonelle, amerikanske rifleringen når det har vore skytemassakrar: Sånn går det når vaktmeistrar og barnehagelærarar ikkje ber våpen. Det spørs om Donald Trump og NRA vil gå inn for obligatorisk bevæpning av alle skeive. (Eller LHBT+, for å vera politisk korrekt.)

ENGELSKE HOOLIOGANS stiller med ein bataljon i framskutt kamp mot russarane på fransk jord. Dersom England blir kasta ut av fotball-EM i froskeland, er det ingen dristig spådom at det neste veke blir ja til Brexit i det fordums imperiet. Ein rampete Åge Aleksandersen med trøndersk charterpublikum i Royal Albert Hall, skaper heller neppe noe Eldorado for britar som vil levva livet i EU.

ETTER SEDVANE skulle det også ha vore folkerøysting om norsk medlemskap i EEC/EF/EU i år. Det er enkel, konstitusjonell matematikk: 1972 + 22 = 1994 + 22 = 2016. Norske Ja-politikarar har rimeligvis feiga ut. Innbyggarundersøkingar viser mindre enn 22 prosent Ja og fleirtal for Nei i alle parti. Som erstatning har vi hatt lokale folkerøystingar om kommunesannering, med like sørgelig resultat. Superminister Jan Tore Sanner må nok finna seg i å gjera som Gro Harlem Brundtland: Tilgje sitt folk og bli sitjande.

STATSRÅDAR som har gitt opp å få Norge inn i EU, har i staden engasjert seg for å hindra at UK går ut. Den usynlige og utydelige Vidar Helgesen har ført uvanlig klar tale i London. Det har som vanlig vore stillare frå hans etterfølgar Elisabeth Aspaker. Etter at Per Sandberg mønstra på fiskebåten, har ho gått på arbeidsavklaringspengar som EØS- og EU-minister mens ho ventar på å bli fylkesmann i Troms.

BERNER GRUPPEN AS, Dagbladets tidligare eigarar, bygde opp sin kapital på Dagbladgården i Akersgata, trykkeriet på Lørenskog, Citypassasjen og tilliggande herligheter, som avishuset åtte for å ha fleire bein enn papir å stå på. Så selde dei Dagbladet billig til danske Aller og gjorde seg om til eit eigedomsselskap.

DAGBLADETS GRUNNLEGGAR og første redaktør, den mangfoldige Hagbard Emanuel Berner, som i mange år var formann i Norsk Ligbrændingsforening, er ikkje gløymd etter hundrede år. Storoksen Arve Solstad har også sett sine tunge spor i norsk pressehistorie. Onsdag blei han og duften fra fordum hylla inn i evigheta.

MED UTSØKT TAIMING har Berner Gruppen kalla inn til ekstraordinær generalforsamling måndag. Det er siste kapittel i beretninga om eit lenge varsla slakt. Der skal Jens P. Heyerdahl d.y. og Torstein Tvenge med familiar og assosierte ta ut eit nytt ekstraordinært aksjeutbytte etter å ha kvitta seg med restane av dei tusen millionane som var samla opp med Dagbladsveitte. Kulturell kapital og produksjonskapital blir transformert til privat formue gjennom eigedomsavviklig. Sådan er kapitalismen, også dei retoriske godhetsvariantane.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook