Duun, Olav

Otto Hageberg er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han har skrevet to bøker om Olav Duun: Olav Duun - biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995) og Forboden kjærleik (1996). Her forteller han om forfatteren:

Hvordan ble Olav Duun forfatter?

- Olav Duun er fødd i ein bonde- og fiskarfamilie på øya Jøa utanfor Namdalen i 1876. Foreldra var fiskarbønder, og det var ikkje eit rikt litterært miljø på heimstaden, der Olav Duun vart buande til han var 25 år; då reiste han på lærarskulen i Levanger, og han flytte aldri heim att. Duun var lærar frå 1904 til 1927. Han debuterte i 1907, og fram til han gjekk av som lærar, skreiv han jamt ei bok for året. Han har altså vore flittig, og vi veit at han også skreiv om natta.

Hva tror du var Duuns beste leseropplevelse:

- Han las tidleg alt han kom over; det var som ein sjukdom, har han sagt. Av bøkene hans er det lett å sjå at han har vore ein grundig bibellesar. Og han tok tidleg til å skriva. Dei respekterte heime at ungguten stakk av frå arbeidet og gøymde seg på loftet med utsyn mot Folla, og han skreiv. Det første han viste andre, var det han skreiv i det handskrivne bladet for ungdomslaget. Dei åra han budde heime, la han nøye merke til korleis folk ordla seg. Han har fortalt at han lærte språk og forteljekunst av kårkallen på garden. Fart i det vart det først då han kom på lærarskulen og fekk forfattaren Vetle Visli som lærar. Han kom til å få svært mykje å seia for Duun.

Hvem var forfatterens litterære forbilder?

Han las både norsk og utanlandsk litteratur. Vi veit at han las Obstfelder, Alvilde Prydz, Arne Garborg - etter kvart fann han svensk, tysk og russisk litteratur. Han sette Thomas Mann høgt, men høgast av alle sette han Dostojevskij. Han har nok vore eit førebilete for Duun, som elles var god ven med Oscar Braaten, Tore Ørjasæter og andre forfattarar i samtida.