BOK: I februar 1963 vart det arrangert eit ball på eit hotell i Baltimore. Ei middelaldrande svart kvinne med namnet Hattie Carroll vart då slegen i hel med ein stokk som var i handa på ein ung kvit mann med namnet Zantzinger. Zantzinger var av velståande folk og han var vertskap for ballet. Inntektene skulle gå til vanskelegstilte. Carroll stod bak baren. Overfallet var umotivert. Zantzinger vart dømd, men fekk bare seks månadar for drapet. Med pengar nok til kausjon, var han ute att etter bare nokre minutt.
Dette var innhaldet i eit av dei avisutklippa som redaktøren Gordon Friesen i magasinet Broadside gav til Bob Dylan som moglege utgangspunkt for songtekstar. Som ein del lesarar vil vita, vart dette opphavet til ein av dei mest tilgjenglege og opprivande songane Dylan har skrive, «The Lonesome Death of Hattie Carroll».
Han tonesette den, slik han ofte gjorde, med ein gammal folkemelodi, ein skotsk ballade frå 1500-talet, «Mary Hamilton», som har eit liknande tema. 23. oktober vart songen spela inn i studio og den 26. oktober sat eit lamslege publikum i Carnegie Hall og opplevde at Dylan tok dei med seg steg for steg gjennom dei mekanismane som ligg bak ei slik urettferd.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger