VELFERD: Dyrevelferd må alltid vera det førande i vår tids husdyrhald, mener kronikkforfatteren, pelsdyrbonde Sigbjørn Kirkebøen. Bildet av de to sølvrevene er tatt på hans egen pelsdyrgard. Foto: Sigbjørn Kirkebøen
VELFERD: Dyrevelferd må alltid vera det førande i vår tids husdyrhald, mener kronikkforfatteren, pelsdyrbonde Sigbjørn Kirkebøen. Bildet av de to sølvrevene er tatt på hans egen pelsdyrgard. Foto: Sigbjørn KirkebøenVis mer

Debatt: Pelsdyrnæringa

Dyrevelferda er styrka

Norge sit i førarsetet når det gjeld dyrevelferd for pelsdyr.

Meninger

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) var klar i sin argumentasjon når han nyleg la fram Stortingsmeldinga om framtida for pelsdyrnæringa. «Noreg vil vere i front internasjonalt når det gjeld dyrevelferd i pelsdyrnæringa.»

Stortingsmeldinga er eit sterkt fagleg dokument, som eintydig slår fast at norsk pelsdyrhald bør ha ei berekraftig utvikling, med enda strengare krav til dyrevelferd, og at næringa fortsatt skal vera leiande også globalt. Det faglege som ligg til grunn for den klare konklusjonen, er fyrst og fremst Vitskapskomiteen sin rapport om pelsdyrhald frå 2008, og høyringsinnspel frå veterinærar som har erfaring og kunnskap frå tilsyn med pelsdyrgardar.

Statsråden påpeikte heilt korrekt når han la fram meldinga at pels vil vera eit ettertrakta produkt i overskueleg framtid, og at Noreg må vera leiande med dyrevelferda for pelsdyroppdrett globalt.

Dyrevelferd må alltid vera det førande i vår tids husdyrhald. Folk flest set dyras levevilkår høgt, og der har heile det norske landbruket eit føretrinn om ein samanliknar med resten av verda. Sjølvsagt er pelsdyr ein naturleg og viktig del av dette, eksempelvis som ein del av næringskjeda i landbruket, ved at næringa er renovatør av biprodukt frå slakteindustrien og som ein viktig distriktsnæring.

Pelsdyrnæringa har gjennom dei siste ti åra gjennomført ein stor utvikling når det gjelder dyrevelferd og avl. Nye og strenge forskrifter har gjennom fleire omgangar styrka velferda og levetilhøva for gardsdyra, men samstundes har det vore kostnadskrevjande for pelsdyrbøndene.

Seinast i 2011 kom det nye forskrifter, med 23 sentrale velferdforbetrande tiltak, som blir implementerte fram mot 2018. Norske pelsdyrbønder har i lang tid vore konkurransedyktige med heile verda, også mot oppdrett i lågkostland. Ein orsak her er heilt klart at dyrevelferda og gardsdyras rettigheiter blir ivareteke gjennom strenge forskrifter og tilsyn for dyra, som i sin tur fører til kvalitetsprodukt som er ettertrakta.

Utviklinga i samfunnet er slik at folk flest i dag er meir og meir opptekne av dyrs levevilkår, før dyret etter sin død blir brukt til forskjellig mat eller klede. Det er bra, men samtidig også ein stadfesting av at Norge må ta ansvar og vera i førarsetet også framover, med utvikling av dyras levevilkår – også med pelsdyr.

Me pelsdyrbønder har som tidlegare nevnt fått mange nye krav som me har måtta retta oss etter dei seinare åra, og med det kostnader som har gjort det utfordrande å behalde konkurransekrafta med bønder i våre naboland Danmark og Finland. Stortingsmeldinga som nyleg er lagt fram set ytterlegare krav til dyrevelferda for gardsdyra våre. Her er det gode og hensiktsmessige tiltak, fordi det styrkar dyrevelferda, men eit forslag som går ut på forbod til gruppehald med mink, er dramatisk, og fører til konkuransevriding i høve til våre naboland.

Hvis dette forslaget vorte innført, ville fleire minkbønder då ikkje makte å oppretthalde produksjonen, på grunn av høge investeringskostnader. Dette fører i sin tur også med seg høgare pris på pelsdyrfôret på grunn av lågare volum. Når landbruksministeren kjem med så strenge krav, så innrømte han også at det var på bakgrunn av at han ikkje var nøgd med korleis næringa hadde tatt nok grep på eigen hand, med å rydde opp i uheldige hendelsar på enkelte pelsdyrgardar.

Oppslag om dårleg dyrehald med pelsdyr blir ikkje sjeldan ubalansert framstilt i enkelte medier, eit døme på det såg me nyleg, når det vart slege stort opp at ein minkbonde hadde fått reaksjonar frå Mattilsynet etter å ha hatt tre av 8200 dyr med skader, som beviseleg var utilfredstilt behandla. I seg sjølv beklageleg, men det viser litt om proporsjonane.

Næringa sjølv kan nok likevel ta sjølvkritikk på at den tidlegare år ikkje har satt inn klarare tiltak og hardare lut mot enkeltbønder, som ikkje tok dyrevelferda nok på alvor. Frå 2015 vart det derimot ein tydeleg endring med dette, og då vart fire pelsdyrbønder utestengde frå organisasjonen, sågar vart eitt medlem politianmeldt av organisasjonen på grunn av dyrehaldet.

Så seint som i oktober i år vart det gjennomført intern inspeksjon på alle pelsdyrgardar i Rogaland. Her vart ca 490000 dyr kontrollerte, og det vart konstatert at 99,903 prosent av alle dyra var friske og hadde ingen skader. Tal frå Mattilsynet sine rapportar syner også svært få alvorlege tilfelle den seinare tida.

Dette viser at dei grepa som næringa har teke har ført til gode resultat og at pelsdyrbøndene som driv i dag er seriøse. Samstundes må det seiast at så lengje ein har husdyrhald med levande vesen, så vil det oppstå skader og sjukdom. Det viktige er då at det er gode tilsynsrutiner som fører til rask behandling.

Sett i lys av dei tiltaka og grepa næringa sjølv har teke med dette, så synest det ikkje vera rettferdig, eller nødvendig, å «straffe» næringa kollektivt gjennom å innføre urimelege krav som gjer til at næringa ikkje greier halde hovudet over vatn. Det må vera betydningsfullt at det er teke så tydelege grep, slik at dyrevelferda er styrka, og at det er synleggjort at antal skader er på eit lågt nivå. Konklusjonane i Stortingsmeldinga stadfestar at pelsdyrhald bør ha ein berekraftig utvikling framover. For å få gjennomført det er pelsdyrbøndene no avhengige av at rammebetingelsane vert sikra, slik at me greier å oppretthalde konkurransedyktigheita for vår produksjon med våre naboland. Her skal dyrevelferda alltid ha ein sentral plass.

Intensjonen i Stortingsmeldinga bør også gjera til at alle gode krefter for norsk pelsdyrhald har ei klar og felles målsetting om at næringa får ein vekst. Norsk pels må promoterast som berekraftig, og frå gardar med velferda for pelsdyra i høgsetet.

Vert dette gjennomført får Statsråden og mange med han oppfylt ynskje om ei sterk norsk pelsdyrnæring, som skal vera pådrivar for at dyrevelferda for pelsdyr blir styrka globalt.