UVISSE: Stortinget sitt vedtak i 2017 om berekraftig utvikling, skulle sikre etterlengta forutsigbarheit for pelsdyrbønder. Det vart brote etter berre eit år, med regjeringas uanstendige hestehandel, og har satt landets pelsdyrbønder i ein uhaldbar og uviss situasjon, skriver innsenderen. På bildet, sølvrevpels for auksjon. Foto: NTB Scanpix
UVISSE: Stortinget sitt vedtak i 2017 om berekraftig utvikling, skulle sikre etterlengta forutsigbarheit for pelsdyrbønder. Det vart brote etter berre eit år, med regjeringas uanstendige hestehandel, og har satt landets pelsdyrbønder i ein uhaldbar og uviss situasjon, skriver innsenderen. På bildet, sølvrevpels for auksjon. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Pelsdyrnæring

«Dyrevernarar» har gjennom mange år framstilt eit skeivt bilete av realitetar med pelsdyrhald

Dette har medført ei populismebølgje, der fleire politiske partier har neglisjert fagleg kunskap, og gått inn for å avvikle næringa.

Meninger

Den 27. okt vart det årlege fakkeltoget mot pels og pelsdyrbønder arrangert av NOAH, ein organisasjon som vil ha slutt på alt husdyrhald, og der eit vegansk livssyn og leveveg er det einaste farbare.

Terje Aasland, næringspolitisk talsperson i Ap, og med 13 år på Stortinget, var med og deltok her gjennom å halde appell, og med det støtta opp om denne ytterleggåande organisasjonen, - det er både sjokkerande og trist.

Sigrun Eng, partikollega til Aasland og mangeårig stortingsrepresentant, skriv på Facebook at det han medverkar til her er «skamfullt og viser dårleg dømekraft».

I Nationen den 1. november går Geir Pollestad, som er leiar i næringskomiteên, ut med fortent refs til sin stortingskollega, og meiner at Aasland med si deltaking her svekkjer Ap sin truverd, ved at han legitimerar ein slik organisasjon som vil ha slutt på all matproduksjon frå dyr. Om NOAH sitt radikale syn på avliving av dyr til mat kan ein lesedeira nettsider: «Drap og frihetsberøvelse av levende skapninger», og «som veganer redder du hundrevis av medskapninger i løpet av ditt liv » .

Under sin appell sa Aasland fleire gonger at pelsdyr er ville dyr i bur. Aasland innrømmer på spørsmål frå underteikna at: «Dagens pelsdyr er ikke å betrakte som ville dyr.», og viser til den nylege pelsdyrutredninga. På trass av at Aasland kjenner fakta, vêl han her likevel å prate direkte usant i det offentlege rom. Det er ikkje ein stortingsrepresentant verdig.

Stortinget sitt vedtak i januar 2017 om berekraftig utvikling, skulle sikre etterlengta forutsigbarheit for pelsdyrbønder, noko som vart brote berre etter eit år, med regjeringas uanstendige hestehandel om «styrt avvikling» av heile næringa, og som har satt landets pelsdyrbønder i ein uhaldbar og uviss situasjon om framtida.

Denne situasjonen blir forsterka av at Aasland, som ein framtredande maktperson, framfører usanningar ilag med «dyrevener» utanfor Stortinget. Det er ein hån mot allereie hardt råka pelsdyrbønder.

Det heile er respektlaust og syner mangel på dømekraft, av ein som heller burde gå føre og vise rett veg i si utøving av sitt virke som valt av folket.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.