Effektlyrikk

Debutant Vilde Heggem imponerer med sine formuleringer, men engasjerer de?

BOK: Det er ei skikkeleg forseggjort bok Vilde Heggem debuterer med. Stort format og med eit omslag som fangar interessa med sin gåtefulle, surrealistiske blyantteikning av eit halvt jenteandlet. Alt dette gir signal om at ein kan venta seg noko annleis inni.

Og annleis er det òg, på eitt plan, for ho nyttar seg av ei uvanleg oppstilling og bruk av teikn som strekar, klammeparentesar, majusklar og kursiv. Nett som ein ekte eksperimenterande poet av vår tid. Og det er utvilsamt positivt om ein debutant vågar å bryta med konvensjonar, og at eit forlag vågar å satsa på ein debutant som gjer det.

Innhold?

Men kor nytt er dette, og kva oppleving gir det oss? Den danske kritikaren, redaktøren, poeten og pedagogen Poul Borum, med si pragmatiske haldning til litteraturen, kom ofte attende til to grunnleggjande spørsmål: Kan forfattaren skrive, og har ho eller han noko å skriva om? Side 6 i boka «akkurat her er det det verker» står det:

saft strek skritt / støv der lyset faller inn i rommet / vi tråkker og tråkker der /

tidvis synlige blodårer på brystet / tyngdepunktsforskyvningene skjønnhet /

skygge / for dette har blitt vårt / beviset og slutningen / sannsynligheten og

dommen / selvoppholdelsesdriften

FORFØRENDE:
Vilde Heggem (24) er en debutant med mange gode baktanker. Foto: OKTOBER FORLAG
FORFØRENDE: Vilde Heggem (24) er en debutant med mange gode baktanker. Foto: OKTOBER FORLAG Vis mer

I den forma for språkleg kunst som Vilde Heggem legg fram for oss, kjennest det kanskje som om spørsmåla til Borum er umogelege å få svar på. Korleis skal ein vurdera ut frå ein slik tekst som dette, om poeten kan skriva, eller om ho har noko å skriva om?

Mørke hoder

Etter relativt tradisjonelle vurderingar ville eg seia at svaret på det første spørsmålet må bli eit tja, og svaret på det andre eit sannsynleg nei. Men kan det tenkjast at spørsmåla til Borum er irrelevante i høve til det prosjektet Heggem har gått i gang med?

Mine mørke mørke hoder / kan ikke snakke / mumler bare / stotrer bare / vi lever

/ men / å overleve er ikke det samme som å leve / og blikkene / forbi hverandre

/ ut gjennom verdensrommet / osv. / men / vi fortsetter / ord / ord / og ikkje

ord / men / STAVELSER, STØNN

Tilsynelatande verkar det som poeten lar seg forføra av effektar og det å skape spenningar ved å setja saman meir eller mindre lausrivne ord som overraskar lesaren. Ord som ofte står langt frå kvarandre i høve til ein naturleg samanheng.

Visuelt variert

Eit av problema vert jo at ein ikkje kjenner koden, ikkje veit, og vanskeleg kan finna ut, kva dei ulike teikna her skal stå for. Kva er skilnaden mellom ein tekst som bare er sett opp mellom delestrekar i høve til ein tekst sett i klammeparentes, kva er det om vert markert gjennom kursiv? Det som står att er då eit visuelt variert uttrykk, og då vert spørsmålet kor interessant dette er formidla?

Er det visuell poesi me har å gjera med her? Det visuelle er ikkje særleg «figurleg». Sjølve oppsettet er meir som eit klassisk «prosadikt», medan det vert nytta nokre typografiske effektar. Desse er det vanskeleg å sjå står i ei inderleg pakt med innhaldet. Dikta maktar i liten grad å utnytta effektane til å skapa oppleving eller meining.

Uinteressant

I likskap med Monica Aasprong si diktsamling «Soldatmarkedet», opplever eg at poeten nyttar for mange lettvinte løysingar, gjentek ting som er gjort før, og tilfører for lite nytt, trass i omfattande konseptualisering bak verket.

Baktankar som ikkje kjem gjennom utan omfattande tilleggsinformasjon, kan vanskeleg løfta eit verk. Det å la element som «men» og «osv.» stå aleine mellom delestrekar, og ein utstrekt bruk av «eks.:» og «f.eks.», verkar maniert og uinteressant. Uttrykk som «å overleve er ikke det samme som å leve» er ein klisjé som det ikkje krev mykje å gjenta, sjølv om det nok er meint som eit ironisk sitat. Her er også ein del teatralske dramatikk der «smykkene faller i gulvet», «den tunge døren slår» og «vi kaster oss av hestene» som kan oppfattast som ironisk sjangerleik. Trass i overraskande bilete, kontrastar og vakre formuleringar, lar tekstane meg som lesar i stor grad verta ståande utanfor, uengasjert, og eg konkluderer med at akkurat dette verket verken verker eller verkar.

LES OGSÅ: