LEGG SEG FLAT: Eg stiller i staden eit spørsmål om kvifor Storhaug meiner vi kanskje må flykte til Polen, skriv Jarl Wåge.
LEGG SEG FLAT: Eg stiller i staden eit spørsmål om kvifor Storhaug meiner vi kanskje må flykte til Polen, skriv Jarl Wåge.Vis mer

Jarl Wåge til Hege Storhaug:

Eg ber om orsaking

Og stiller i staden eit spørsmål.

Meninger

I min kronikk i Dagbladet 12. desember, «Kong Harald er hjernevaska», kom eg til å feilsitere Hege Storhaug. Eg hevda at ho har uttalt følgjande i samband med ei tale ho heldt i Polen der ho sa at vi i Vesten kanskje ein dag må flykte til Polen: «For muslimer som kommer til oss har ingen intensjon om å integrere seg, men ta over styre og stell». Dette har Hege Storhaug ikkje sagt.

Difor legg eg meg flatare enn ei pannekake og ber om orsaking. Sitatfeil er eg sjølv sers lite glad for. Det skal sjølvsagt ikkje forekomme.

Dagbladet har allereie retta opp i dette, og eg stiller i staden eit spørsmål om kvifor Storhaug meiner vi kanskje må flykte til Polen.

Igjen; eg beklagar og lover å studere kjeldene mine enda meir nøye.