FÅR BREV: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug får et åpent brev fra Hamza Ali (16). Her er hun i en celle på sikkerhetsavdelinga på Trandum utlendingsinternat i sommer. Foto:Øistein Norum Monsen / Dagbladet
FÅR BREV: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug får et åpent brev fra Hamza Ali (16). Her er hun i en celle på sikkerhetsavdelinga på Trandum utlendingsinternat i sommer. Foto:Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer

Debatt: Integrering

Eg e svart, eg e muslim og eg e norsk

Eg trur på dei som vaknar opp og gjer ein forskjell, og det er ikkje deg, Sylvi Listhaug!

Meninger

Fredag 4. november sa Sylvi Listhaug at ho va bekymra for aukinga av antall asylsøkarar. Eg e beskymra for landet mitt, Listhaug!

Kva forventar me av det norske samfunnet? Kva betyr det å være norsk? Kva bestemmer korleis me skal vere? Forventar me at me et svin eller drikk alkohol? Det trur ikkje eg. Eg meiner at det og vere norsk handlar om alt anna enn det. Det handlar om fellesskap og omsorg for kvarandre. Sylvi, du er integreringsministar, men kva veit du om integrering? At me ikkje må gje «dei» halal-mat? At me må kasta dei ut så fort som mogleg? At me må kutta i støtta deira? Eg lurer også på, kvifor ska me fengsla menneske på flukt frå krig og konflikt?

Hamza Ali
Hamza Ali Vis mer

Eg trudde på det samfunnet der alle menneska vart beskrivne som «oss». Eg trudde på et Noreg utan fordommar. Eg trudde på asylpolitikken som sørga for å integrera, ikkje ekskludera. Eg trudde på respekt, for kvarandre og for oss sjølv. Eg trur på dei som vaknar opp og gjer ein forskjell, og det er ikkje deg, Listhaug! Kor godt ein behandlar nokon, kjem an på kor mykje dei e verdt. Så Sylvi, er asylsøkarar mindre verdt en deg? Eg håpar eg har misforstått deg, Listhaug, og at du kan forklare dette på ein betre måte.

Eg ynskjar å understreka at eg e svart, eg e muslim og eg e norsk!

Sylvi, snakk med dei og spør dei kvifor dei trur integrering er eit problem. Gi dei et godt liv, som er verdt å leva. Slutt alle dei symbolske sympatibesøka du gjer på asylmottaka. Stå opp om morgonen og gjer ein forskjell, Sylvi, det er det nordmenn gjer. Du står opp, lesar om asylsøkarar og spis svin, mens me nordmenn, me kjempar for fridommen til alle menneske som bare har deg som innvandring- og integreringsministar.

Du vart bekymra og redd for borna dine, for deira framtid. Du seier at i Noreg drikk me alkohol og et svin. Du kjempar for at me skal frata asylsøkarar fridomen ved å bestemme deg for å kasta dei i fengsel, eller «lukka mottak» med fine ord. Du tek æra for bremsinga i asyltilstrømminga. Vel, Sylvi, eg er redd for framtida mi, og aller mest for deg. Eg seie berre som Snorre Skjevrak (AUF), skjerp deg!