Debatt: Siv Jensen

Eg, ein jævla sosialist som skal knuses

Min påstand er at på mine 50 år og dine 50 år, Siv, har eg bidratt med meir verdiskapning enn dei fleste politikere kan drøyma om.

TALEN: Siv Jensen holder den famøse talen under Frp's landsmøte på Gardermoen sist lørdag. Foto: NTB Scanpix
TALEN: Siv Jensen holder den famøse talen under Frp's landsmøte på Gardermoen sist lørdag. Foto: NTB ScanpixVis mer
Meninger

Siv Jensen, snart 50 år og hylles av Frp sitt landsmøte. Ingenting galt i det. Men uttalelsen som kom er vel ikkje ein statsråd verdig?

Eg ble for øvrig også 50 i februar. Starta som industrirørleggerlærling som17-åring. Organiserte meg i fagforeninga Jern & Metall, seinare Fellesforbundet. Forstod tidleg at ein måtte stå på for rettigheter som var oppnådd og kjempe for videre anstendige rettigheter. Det er noko eg aldri har sett eit snev av hos Frp.

Difor skjønte eg allereie som førstegangsvelgar i '87 kva side eg måtte holde meg til. Dei jævla sosialistane. At vi er av dei som står på og bygger opp velferdsstaten er tydeleg aldeles fjernt for Siv Jensen og hennar likesinna. Å bli kalla for ein jævla sosialist av sjølvaste finansminister Jensen er kanskje ikkje så overraskande, men det seier litt om respekten hennar for oss som stemmer noko anna og som har jobbet knallhardt i 33 år. Kanskje du lure litt på kva eg har gjort dei åra, Siv?

Da kan eg sei at i '86 fikk eg var med på innspurten av Gullfaks A-plattforma. Videre var eg med på ei rekke andre olje og gassplattformer. I tillegg har eg vert med på landanlegg med modifisering på Kårstø og Mongstad. Vert med å bygd opp LNG-anlegget på Melkøya ved Hammerfest og Ormen Lange-anlegget på Aukra i Møre og Romsdal.

Eg veit jo og at mange av dei røyra eg har satt sammen er i produksjonslinja, og det har strømmet milliarder på milliarder til samfunnet. Ikkje for det, alle andre typer røyr, stål, ventiler, kabler og folk er like viktige. Eg betaler skatten med glede, da eg skjønner utmerket at det må til for driva den velferdsstaten Norge er blitt. Og det vil eg påstå at dei fleste jævla sosialistene skjønner bedre enn deg, Siv.

Min påstand er at på mine 50 år og dine 50 år, Siv, har eg bidratt med meir verdiskapninger enn dei fleste politikere kan drøyma om. Å kalla folk som meg for jævla sosialist burde statsråden holde seg for god til.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.