MÅ FORBLI GRATIS: Det er sjeldan at nokon tar til orde for betaling på biblioteket, likefullt er det naudsynt at fleire snakkar høgt om at biblioteket må vere gratis, skriv Solveig Schytz.  Foto: Sara Johannessen / SCANPIX
MÅ FORBLI GRATIS: Det er sjeldan at nokon tar til orde for betaling på biblioteket, likefullt er det naudsynt at fleire snakkar høgt om at biblioteket må vere gratis, skriv Solveig Schytz. Foto: Sara Johannessen / SCANPIXVis mer

Eg elskar biblioteket. Eit vitnesbyrd.

Stem på ein kommunepolitikar som har prioritert biblioteket i kommunebudsjettet. Stem på ein fylkespolitikar som veit kva fylkesbiblioteket er.

Meninger

Som tiåring vitja eg biblioteket kvar mandag. Det er i alle fall slik eg hugsar det. At det var kvar mandag. På veg til barneforeninga Ving på Bedehuset i Fannestrandsvegen gjekk vi alltid innom Molde bibliotek i Romsdalsgata. Viss vi verkeleg skeia ut var vi innom P. Honningsvåg sin kiosk ved brua og.

Det var på biblioteket eg lærte å elske bøker; språket, lengta, eventyra, moglegheitene, verda. Eg hugsar godt kjensla då vi sneik oss frå barneavdelinga til vaksenavdelinga, og gjekk frå lese Vigdis Hjort til å lese Victor Hugo.

Bibliotek treng bibliotekarar. Bibliotekarar som vegleder inn i historiene, kunnskapen, draumen og håpet, både for dei som har bokhylle heime og de som ikkje har det. Biblioteket er ei av dei beste oppfinningane vi har. Ein møteplass og smeltedigel med stort potensiale anten det er på bygda eller i byen. Kvifor skriv eg dette? Fordi verdien av at biblioteket er gratis er undervurdert.

Det er sjeldan at nokon tar til orde for betaling på biblioteket, likefullt er det naudsynt at fleire snakkar høgt om at biblioteket må vere gratis. Fordi biblioteket som lavterskel møteplass er avhengig av at det er gratis. Fordi dette er ekstra viktig for dei som ikkje har bokbylle heime.

I dag har eg sjølv ungar som lærar å elske biblioteket. For det må lærast. Ære vere foreldrar som tar ungane med til biblioteket, men enno meir: Ære vere skulen som syter for at ungane får eige lånekort. Og bibliotekarane som les barnebøker på foreldremøta. Og fantastiske nye appar: Ebokbib er nesten for godt til å vere sant.

Eg er ikkje den beste lånaren på Ås bibliotek. Av og til tenkjer eg at no vert eg svartelista snart. I dag har eg vore på biblioteket og levert ei bok. Eg har betalt for-seint-levert-gebyr med glede og dårleg samvit. Og eg har gitt en blome til bibliotekaren. Berre fordi ho fortener det. Når du skal bruke røysteretten din til hausten: Stem på ein kommunepolitikar som har prioritert biblioteket i kommunebudsjettet. Stem på ein fylkespolitikar som veit kva fylkesbiblioteket og bokbussen er. Ikkje berre korleis bussen ser ut, men kva han tyder.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook