RASK DOM: «Min respons på å verte anklaga for å svindle ein stakkars sårbar handsfreesett-distributør var fascinerande: Hjernen min bestemte seg øyeblikkelig for at alle pakistanske mobilutstyrselgarar var svindlarar», skriv Runde, som også står for illustrasjonen.
RASK DOM: «Min respons på å verte anklaga for å svindle ein stakkars sårbar handsfreesett-distributør var fascinerande: Hjernen min bestemte seg øyeblikkelig for at alle pakistanske mobilutstyrselgarar var svindlarar», skriv Runde, som også står for illustrasjonen.Vis mer

Eg er rasist, men ...

Det første trinnet i å behandle alkoholisme er å innrømme at ein er alkoholikar. Det er ingen grunn til å tru at det er annaleis å behandle rasisme.

Meninger

Kunstnarane Mohammed Ali Fadlabi og Lars Cuzner skal bygge ein kopi av «Kongolandsbyen» som sto i Frognerparken i 1914. Nokon tolkar det som at det skal vise nordmenn korleis nordmenn såg på utlendingar i 1914. Andre tolkar det som billig provokasjon frå dekadente kunstnarar - og ei gjenoppliving av gammal rasisme.

Eg har merka kroppen si dragning mot rasisme. Det var veldig enkelt: Ein pakistansk mobilutstyr-selgar om solgte meg eit handsfree-sett som rakna etter tre dager. Kvar gong eg kom tilbake nekta han å gi meg tilbake pengane, og kvar gong fekk eg eit nytt, elendig handsfreesett i erstatning (som rakna like fort). Når eg insinuerte at produktet han solgte (ganske dyrt) var eit stykke skrot, meinte han at det måtte vere eg som «hoppa tau» med handsfreesettet, og at ingen andre av hans kundar, gjennom tretten år i bransjen, nokon gong hadde ødelagt sine handsfreesett sånn som meg.

Min respons på å verte anklaga for å svindle ein stakkars sårbar handsfreesett-distributør var fascinerande: Hjernen min bestemte seg øyeblikkelig for at alle pakistanske mobilutstyrselgarar var svindlarar, og at det å svindle, om det ikkje låg i genene, i det minste låg nedfelt i «deira» kultur. No kan eg nok om genetikk til å vite at pakistanarar er bortimot same ulla som oss nordmenn, og er altfor glad i hiphop til å ha fordommar om afrikanarar, sjølv om dei er genetisk mykje lenger unna. Men genetikk er ikkje relevant. Det som fascinerte meg var at hjernen min hadde så lett for å sette folk i bås på den måten.

Eg hadde på det tidspunktet ein stk pakistansk bekjent, så eg hadde lite å samanlikne med, men han var tilfeldigvis ein godklump av dimensjonar, så det vog opp ganske fort. Men det skal ufatteleg få dårlege erfaringar til før hjernen vår lagar seg ein rasistisk konklusjon. Og det er greit. Det er sånn vi er laga. Det er sånn vi kom frå fabrikken. Vi ser på verda, og vi deler verda inn i kategoriar. Alt som er brunt og avlangt og luktar brød er brød, dermed treng vi ikkje analysere kvart einaste brød i butikken for å sikre oss at det er brød vi får med oss heim. Utan evna til å trekke kjappe, forenkla konklusjonar om verda rundt oss, er vi autistar. Verda er altfor intens til å ikkje operere etter eit digert, velutvikla kategoriseringssystem om ting som luktar brød (og andre ting).

Det er to måtar ut av denne vanen. Den eine er å ganske enkelt venne seg av med akkurat den typen kategorisering. Ungar som har vakse opp i ein mangefarga skule, kan fort verte blinde. Dei møter for mange ungar, frå for mange kulturar, og dei endar opp med å kjenne så mange menneske som person at heile idéen om å dømme folk utifrå hudfarge og bakgrunn blir absurd. Dette er drømmeløysinga, den som vi alle håper på, og som ofte slår til.

Men denne suksesshistoria slår ikkje alltid til. Nokre er uheldige. Dei føler seg utanfor, som folk ofte gjer i puberteten, enten folka rundt dei er kvite eller brune. Integrering skjer ikkje automatisk. Den må jobbast fram. Av og til skjer den ganske enkelt ikkje.

Og det finst skitstøvlar i alle fargar. For mange er det av ein eller annan grunn meir akseptabelt å oppleve skitstøvlar med kvit hud enn med mørk hud. Men det er vrient å sjå på det å forskjellsbehandle skitstøvlane som noko anna enn «rasisme». Det er svært få i dag som faktisk har eit utarbeida system med kva genetiske grupper som er meir eller mindre verd. Difor kan du ikkje smyge deg unna kvardagsrasisme-anklagene ved å påstå at rasismen din har fint lite felles med trettitalet sine plansjer om kranieform og penisstorleik.

Eg håper så klart på å få den gode gamle kvasi-empiriske rasismen tilbake, men enn så lenge får du finne deg i at alle desse små kategoriseringane av «utlendingar» som mindre berettiga til å få NAV-spenn enn «ekte nordmenn» er rasistisk nok til at du fortjener kjeft. Men det er viktig å hugse at det er ikkje slutten på alt å merke at ein har rasistiske tankar og tendensar. Det som provoserer meg mest med setningar som startar med «jeg er ikke rasist, men ...» er ikkje at det alltid kjem noko rasistisk etterpå, men at nokon som helst er dumme nok til å seie «jeg er ikke rasist». Kva slags mentalt overmenneske er du?

Eg er klar over at du ikkje går rundt med måleband og fargekart for å gradere hudfargar, men i mitt tilfelle er åtti prosent av det eg tenker om folk berre tull og fanteri som eg diktar opp, og som eg må justere fortløpande etterkvart som dei gir meg ny informasjon. Det å vite at mesteparten av mine fordommar er fordommar, gjer meg i stand til å halde kjeft om ting, angre på ting, og forandre på ting. Så har ein så klart rett i blant. Det å leige ut huset mitt i Arvika til tatoverte trygdeklientar er til dømes noko eg ikkje skulle gjort. Det er i situasjonar som har med husleige og pengar at ein kjenner at det mjuke, tillitsfulle humanisthjertet er meir av eit hinder enn ein fordel.

Og det er dette som skjer med Noreg i dag: Vi har fått meir og meir pengar, bustadene våre stig meir og meir i verdi. Når vi besøker utlandet, kva utland som helst, merkar vi at vi er steinrike. Vi har fallhøgde. Vi har noko å miste. Og då etterutdannar vi oss til økonomar, alle som ein. Prøv å snakke om at du skal kjøpe deg leilighet, og alle du møter forvandlar seg til ekspert på boligmarkedet, alle snakkar om kvar du bør «investere» for å profitere på veksten. Folk tør knapt å male veggene sine i ein farge dei likar sjølv, for alt skal vere kvitt og nøytralt og salgbart. Det er sjølvsagt stas at vi er så rike, og det har sjølvsagt mykje med den fornuftige, likskaps-fokuserte folkesjela å gjere. Det var den som slo fast at våre etterkomarar er like mykje verd som oss, og at vi dermed burde sylte ned oljeinntektene i eit kjempestort fond heller enn å bruke alt på is og cola. Sjølv Høyre slår no fast at dei søker å skape størst mogleg sosial likskap, fordi det er ein «norsk» verdi.

Men denne vanvittige luksusen vi lever i kjennest litt rar. Har vi verkeleg fortent alt dette? Er vår kultur så mykje betre enn alle andre sin? Det betryggande svaret på dette er «ja». Ikkje berre fordi ein då slepper å føle seg som ein urettferdig heldig lottovinnar, men også fordi det betyr at vi alltid kjem til å ha det like bra berre vi held på dei staute norske verdiane. Følg den logikken, og det er ingenting som er meir verd enn å beskytte dei norske verdiane. Ap seier det: Frp vil rive ned dei norske verdiane. Frp seier det: Innvandrarar vil rive ned dei norske verdiane. Høyre seier det: Høyre vil skape smartare, meir businessvennlige løysingar, sånn at norsk økonomi skal leve og trivast, og slik også halde liv i dei norske verdiane.

Men ved å akseptere at dei «norske verdiane» er spesielt flotte og staselege, så seier vi implisitt noko om andre folk og andre land sine verdiar. Og på mikronivå rammar dette enkeltindivid, før eller seinare. Det er greit å digge sine eigne verdiar. Men det vil ramme nokon.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Det første maleriet eg nokon gong såg av Fadlabi, var ein svart Jesus som hang korsfesta på eit norsk flagg. Moralen i det var ikkje akkurat komplisert. Kongolandsbyen er bittelitt meir provoserande, fordi den er tvetydig og skummel. Men mannen Fadlabi er, utifrå dei fem-seks gongane eg har møtt han, ein lun, varm type som lagar god stemning rundt seg, men slår steinhardt (men vennlig) ned på ugjennomtenkte, fordomsfulle utsagn. Rasistiske tankeprosessar vil vi alle sneie innom innimellom. Det er difor det er så bra for Noreg at den lynskarpe asylsøkaren frå Kunstakademiet får meir spalteplass i media.